Musikk & Historie på papir!

0

Kjære lesar!

Etter snart tre år på nett har no Musikk & historie teke spranget over i papirmediet! For mange kan dette kanskje opplevast som lite logisk. Det er jo etter kvart ikkje noko nytt at papirtidsskrift blir spådd å gå under, men det er noko ein blir minna på for tid til annan – i sær på nett. Likevel syner det seg at mange publikasjonar greier seg betre enn mange hadde venta. Dette gjeld i sær meir ambisiøse aktørar, som tør å satsa på kvalitet innanfor eit avgrensa felt. Det er nett i dette selskapet vi i Musikk & historie meiner vi høyrer heime.

Dei fleste nummer vil ha eit overordna tema. Dette nummeret omhandlar musikk og retorikk. For dei fleste fornuftige ikkje-spesialistar vil nok ikkje musikk og retorikk framstå som eit naturleg par: Retorikk er eit ord som ein gjerne assosierer med å argumentasjon – for mange jamvel argumentasjon der å få vilja eins er viktigare enn at sanninga kjem fram og at rettferda skjer. Det er i alle fall stereotypen, og kanskje grunnen til at retorikk ikkje står sterkare i Noreg og i norsk skulevesen og offentleg ordskifte enn han gjer. Men nok om det.

Om ein derimot ser på retorikk som ein naturleg konsekvens av kommunikasjon, blir koplinga til musikk klar: dei fleste vil seia seg samde i at musikk, på eitkvart plan, handlar om å kommunisera idear, dei no vere seg konkrete eller abstrakte.

I dette nummeret har vi fått med oss spesialistar frå fleire ulike felt. Eg vonar at ein med dette kan sjå kor nært forbunde retorikk, form og innhald er. Ein kan ikkje, slik det stundom likevel blir gjort, sjå på retorikk som noko fråskild det faktiske innhaldet, og ironisk nok er det kanskje i musikken, når ein ser bort frå den rike terminologien i retorikken, at ein ser dette aller best.
Halvor K. Hosar

Redaktør
Musikk & Historie