Bok: Beethoven – Anguish and Triumph

0

1
Forfattar: Jan Swafford
Utgjevingsår: 2014
Forlag: Houghton Mifflin Harcourt

Beethoven-biografiar er ein genre som ikkje kjem til å forsvinna med det fyrste. Dei har tvert om vore skrivne sidan Beethoven si eiga tid, og kjem sannsynlegvis til å halda fram med å bli skrive no lenge det er folk som interesserer seg for klassisk musikk; dei store klassikarane treng å bli funne opp på ny for kvar generasjon, dei òg. Jan Swafford, som tidlegare i år kom ut med Beethoven-biografien Beethoven – Anguish and Triumph, er ingen lettvektar. Han har tidlegare skrive biografiar om Charles Ives og Johannes Brahms (eg vil i sær rå folk til å ta ein titt på sistnemnde), og han er sjølv komponist med ein viss rang. Forventingane mine var difor svært høge; kor langt på veg har dei blitt tilfredsstilte?

Det fyrste ein legg merke til med boka er kor tjukk ho er: Med sine 1100 sider er det den lengste Beethoven-biografien i manns minne; den einaste eg kjenner til er den vanvittige fembindsbiografien til Alexander Thayer Wheelock og Hugo Riemann. Det bør derimot ikkje skremme folk, for teksta er stor, og det er ein kort appendiks der Swafford går gjennom ulike musikalske formtyper. Alt i alt trur eg difor at lengdeskilnaden på denne biografien og Swaffords tidlegare Brahms-biografi er mindre enn ein skulle tru.

I føreordet til biografien skriv Swafford at han har ynskt å framstilla hendingane slik dei er overlevert, i staden for å analysera livshendingane til Beethoven gjennom eit overhengjande narrativ. Sjølv om det ikkje er nemnd eksplisitt, er det nærliggjande å tolka dette som at Swafford ynskjer å gå bort frå biografien til Maynard Solomon. Solomons psykoanalytiske biografi har vore den engelskspråklege standarden vel over ein mannsalder (han var fyrst publisert i 1977), men han har i seinare år vore kritisert sterkt for at det psykoanalytiske perspektivet gjev ugyldige konklusjonar. Trass i storleiken er biografien meint for ålmugen, og må bli dømd deretter. Som vi skal sjå nedanfor, er det ein situasjon eg ikkje alltid tykkjer Swafford kjem like godt ut av.

Samstundes med skildringa av livet til Beethoven skildrar Swafford framveksten av Beethoven-kulten, ei utvikling som tok til medan han sjølv var i live. Swafford byrjar denne skildringa med den legendariske artikkelen til ETA Hoffmann, og endar ho med gravtalene som blei gjevne i gravferda etter komponisten. Dette var eit godt val, for mykje (men ikkje alt) av det omhandla stoffet måtte ein uansett ha med i ein biografi; ved å gjera litt meir ut av det, greier han å gjera stoffet meir sjølvstendig og verdfullt.

Som ein motvekt til det romantiske biletet som blei skapt av honom, syner Swafford at Beethoven sjølv alltid var eit resultat av den tyske opplysningstida, som fekk ei oppblomstring i Bonn medan Maximilian Franz var erkebiskop og kurfyrste i Köln. Spenninga mellom opplysningsmennesket Beethoven og den romantiske tidsperioden han levde i er noko av det Swafford får aller best fram.

Eit element eg vil trekkje fram for å gje både ris og ros, er førehaldet mellom Haydn og Beethoven. På den eine sida gjev Swafford eit framifrå bilete av tragedien til den aldrande Haydn, som i dei siste åra han levde heldt fram med å høyra musikk i hovudet, men var for svak til å utarbeida dei. Denne historia forsvinn gjerne litt i mylderet av detaljar i Haydn-biografiar, og det er difor svært fint at Swafford, som ikkje treng tynga seg ned med den gamle meisterens daglege gjeremål og den samtidige Haydn-resepsjonen, får ho fram så klårt. På den andre sida er Haydn framstilt som noko fiendsleg til Beethoven. Slik det blir presentert i teksten (og det er ikkje gjeve relevante referansar for dette synet) baserer dette synet seg på at Haydn var redd for at dei mange nyvinningane i den tredje klavertrioen i op. 1 skulle stille han i skuggen, og råda difor Beethoven til ikkje å publisera verket. No er Beethoven rett nok på eit anna nivå enn dei andre elevane Haydn hadde, men utifrå skildringane kring det venskaplege rivaleriet med Iganz Pleyel, ein annan elev som oppnådde stor suksess i samtida, er Swaffords syn i det minste ikkje sjølvsagt. Personleg har eg lettare for å tru at Haydn hadde Beethovens beste i tankane, og meinte at trioen var so radikal at offentlegheita måtte bli varma opp og vande med stilen hans før han slepte eit so radikalt verk. Om dette er tilfellet, syner ettertida at Haydn tok feil, men intensjonane hans kan likevel ha vore gode. Swafford støyter sjølv på problem når han kjem til anekdoten om møtet mellom Haydn og Beethoven etter at Haydn hadde høyrd Beethovens Promethevs-ballett, der han langt på veg vedgår at samtalen ikkje gjev meining etter hans tolking av førehaldet mellom dei to.

Av det meir analytiske, kan ein gje både ris og ros. På den positive sida vil eg i sær trekkja fram den kortfatta men fornuftige diskusjonen av tempoa Beethoven gav verka sine. Noko eg i sær set pris på i biografiar er når analysane ikkje er reine dyrkingar, men forfattaren evnar å kritisera verka til personen hen tykkjer er interessant nok til å skriva fleire hundre sider om. Swafford er sjølv komponist, og syner at ingen er betre skikka til nett dette enn han er. Å skriva at tidlege verk ikkje er formmessig perfekte er kanskje ukontroversielt, men det er modigare å påpeika at sistesatsen til den niande symfonien kanskje, trass alt, ikkje fungerer heilt som oppsummering av verket som kom før.

Det heile fungerar mindre godt, tykkjer eg, når Swafford skal byrja å syna korleis nyvinningane til Beethoven skil seg frå føregangarane. Swafford merkar seg (i mine auge med rette) av Beethoven var ein radikal evolusjonær heller enn ein revolusjonær, og at musikken hans framleis har det musikalske tonespråket til Haydn og Mozart i botnen. For å hjelpa lesarar gjennom analysane har Swafford lagt til eit kort oversyn over dei klassiske formtypene som ein appendiks, og som han syner, held Beethoven seg stort sett innanfor desse formene, medan andre element i musikken hans utviklar seg til nærast det ugjenkjennelege. Men problem oppstår når Beethoven gjer nyvinningar på område det Haydn eller Mozart òg gjorde det. Eit døme på dette er bruken av fugeelement i sonatesatsar. Dette var noko både Haydn og Mozart eksperimenterte med – sjå til dømes Jupiter-symfonien eller Theresienmesse – og sjølv om Swafford rett nok nemner at føregangarane òg eksperimenterte med slike kombinasjonar, tykkjer eg ikkje han får fram korleis verka til Beethoven skil seg frå desse. At dei gjer det er det ikkje spørsmål om, og eg tvilar ikkje på at Swafford kunne ha gjort greie for temaet; mest sannsynleg har han skydd bort frå det for å unngå at analysane skulle bli for lange og kompliserte.

Så til det reint språklege. Teksta har enkelte uforståelege arkaismar. Der er noko eg sjølv, vel å merkja, ikkje heller alltid går heilt fri for, men noko alle som skriv for eit ålmennpublikum bør vera påpasseleg mes. I denne teksta er det mest merkbare dømet handsaminga av ordet tuberkolose. Når han sjølv skriv brukar Swafford «tuberculosis», som ein kunne venta seg i ein moderne tekst, men i utdrag frå Beethoven-brev brukar han det utdaterte «consumption». Rett nok blei ikkje «tubercolosis» vanleg å bruka før på andre halvdel av 1800-talet, og det ville ha vore heilt ukjend for Beethoven. Men Beethoven skreiv heller ikkje «consumption», sidan han skreiv på tysk; «Schwindsucht» var omgrepet han kjende, men eg stiller meg tvilande til  om ein eigentleg tener på å omsetja det forelda ordet i ein populærbiografi. Dette er, vel å merkje, ikkje den fyrste gongen Swafford er skulda for å ha brukt eit barokt språk i omsetjingane sine.

Det same gjeld til tider stadnamn. Det mest merkbare er referansane til Rudolf, son av Leopold II, som erkebiskop at Olmütz. Byen heitte rett nok Olmütz på Beethoven si tid, og han gjer det enno på tysk, men i dag er det vanleg praksis å bruka lokale namn på stader i Mähren, og Swafford burde difor i det minste ha nemnd at både byen og erkebispedømet i dag heiter Olomouc. På same viser refererar han til Mölk, som i dag heiter Melk på både tysk og engelsk.

Når vi likevel er inne på språkleg pirk: Swafford kunne gjerne ha vore meir konsekvent med namnet på bror til Beethoven, Caspar Anton Carl van Beethoven. Dei fleste andre kjelder nyttar k i båe namna, men Swafford skriv c, kanskje for å skilja han frå nevøen Karl van Beethoven. Det er forsåvidt greitt i seg sjølv, men Swafford omtalar han både som Caspar Anton, Caspar og Carl ved ulike høve, noko ein helst burde unngå i ein ålmennbiografi. I kapittelet om Heiligenstadt-testamentet blandar formene seg heilt. Det brukar Swafford fyrst «Caspar» i prosadelen, og «Carl» i dei omsette delane, med unntak av opninga, der han tydelegvis ikkje har fått seg til å endra på Beethovens «Karl».

Til slutt må eg òg få påpeika bruken av historisk presens. Swafford gjer seg ikkje skuldig i det ofte, men den opnande fødselsscena og kapittelet om Eroica-symfonien er båe skrivne i nåtid. Meiner Swafford med det at den tredje symfonien ikkje er interessant nok, og må bli støtta opp av det billigaste trikset i den vestlege språkfamilien? Det trur eg eigentleg ikkje, for kapittelet er elles svært godt gjennomført.

Brahms-biografien til Swafford har vore standarden dei siste 15 åra. Kjem Beethoven-biografien hans til å få den same statusen? Han er ikkje perfekt, men det skal litt til å få til med ei so lang bok og ein so vrang omtalar. Storleiken gjer boka interessant i seg sjølv, og trass i problema nemnd over er det ein velskriven, moderne biografi, som eg trur kjem til å gleda mange i åra framover.

PS: På Internett går det frå tid til annan føre seg litt i overkant hefige diskusjonar om kven Beethovens «udøydelege kjærleik» eigentleg var. Denne diskusjonen vil eg ikkje ein gong røyra med eldtong! Dei som skulle vera interesserte i kvefsebolet kan allereie finna nok av sterke meiningar med eit enkelt Google-søk.