Notefunnet i Lom: Becket i periferien

0

I 1973 blei det funnen ein musikkrull frå høgmellomalderen i Lom stavkyrkje. Musikken, ei hymne til Thomas Becket, gav oss eit lite innblikk i det musikalske kyrkjelivet utanfor dei store kultursentra, og synte at internasjonale musikktradisjonar strekte seg heilt inn i den norske periferien.

Lom stavkyrkje står, som ein kan gissa av namnet, i Lom kommune, men om ein ser på namna på maleri som heng der frå 1600-talet, kan ein sjå at folket Skjåk kommune òg sokna dit frå gamalt av, noko som vil ha gjeve mange ein svært lang veg: Frå Bråtå, øvst i Skjåk, tek det nesten tre kvarter å køyra med bil, ein kan tenkje seg at mykje av folket måtte bruka stordelen av sundagen på å koma seg til og frå.

Lom stavkyrkje. Krossarmane, det lafta bakskipet og våpenhuset er påbygg frå 1600-talet.

Kyrkja, som ein reknar med var bygd kring 1158, og er med den rekna som den nest eldste stavkyrkja som er att, etter Urnes. Då som no var Lom eit knutepunkt mellom aust og vest, og ikkje ein ulogisk stad å leggja eit slikt bygg: Det var nemleg ein stoppestad for pilegrimar (somme av dei internasjonale) som reiste frå vestlandet til grava til Olav den Heilage i Trondheim, og for austlendingar som reiste til grava til sankt Sunniva i Selje. Kanskje forutan ein periode under Svartedauden, har kyrkja vore i kontinuerleg bruk sidan ho var bygd, og har endra seg gjennom tidene for å tilpassa seg kyrkjelivet i dei ulike tidene. I dag er kanskje akantusutskjæringane frå seint 1700-tal det mest karakteristiske i kyrkjeinteriøret.

Men når ting har kome til, inneber det gjerne òg at andre ting har forsvunne. Som dei fleste andre stavkyrkjene, blei det katolske inventaret borte etter reformasjonen i 1537. Nett korleis dette gjekk føre seg er uvisst, men ein kan rekna med at romantikkens forteljingar om soldatar som gjekk frå bygd til bygd og regelrett plyndra kyrkjene er overdrivne. Med tida blei likevel kyrkja nærast tømd, og ein skal ikkje sjå bort frå at danskekongen, som hadde tømt skattekistene på borgarkrig, forsynte seg godt av verdiane til Kyrkje-Noreg. Det vesle som er atti Lom frå katolsk tid har overlevd av di det har vore bortgøymd einkvan stad. I sær finn ein att restane av mange tjæremaleri, som rett og slett blei måla over i protestantisk tid. Noko ideologisk oppgjer med mykje av det katolske tankegodset kom neppe, for om ein ser på måleria frå 1700-talet, har mange av dei svært katolske tema. Maria møy hadde vore av helgenane den katolske kyrkja var via til, og Maria-dyrkinga ser i sær ut til å ha heldt seg sterk.

Somme gjenstandar overlevde ved at dei ikkje oppheldt seg i sjølve kyrkjerommet, men var gøymde under golvet. Desse blei fyrst funne att på 70-talet, som del av eit større renoveringsarbeid. Stavkyrkjene hadde aldri vore særskild godt eigna til vinterbruk, og i Lom var i sær trekk frå golvet eit problem. I 1973 reiv ein difor opp golvet for å leggja inn isolasjon, og der fann ein att mengder med historiske gjenstandar, mange frå katolsk tid. Blant desse fann ein fleire skrifter, skriven både på latin og norrønt, latinske bokstavar og runer.

Musikkfunnet: Utsjånad og opphav

Den mest spanande av alle oppdagingane var den sokalla Thomas-hymna, Aquas plenas amaritudine. Denne hymna var funnen på ein pergamentrull, om lag 80 cm lang og 16,5 cm brei. Denne teksta er i dag lagra i riksarkivet, under hyllemerket RA Løsfunn Lom A 36a; ho har tidvis vore utstilt i stavkyrkjemuseet i Lom.

Ein reknar med at kjelda ein har basert seg på stammar frå Dei britiske øyene eller Frankrike. Grunnen til dette er at ein i sør-europeiske kjelder gjerne finn bruk av såkalla custos, som synte den fyrste nota på neste side ved sidebrot. Musikken er skriven på fire linjer i raudt, som mest sannsynleg blei trekt opp for frihand. Notebiletet ber i det heile kanskje litt preg av å vere gjort hurtig. Det er òg interessant å merka seg at storbokstavar i har blitt utelatne. Dei var det vanleg å føya til etter at ein var ferdig med hovudskrifta, men ofte blei dette aldri gjort: Skribentar fekk ofte andre ting å gjere, og det var sjeldan vanskeleg for lesaren å supplera med bokstaven sjølv. Utforminga av enkelte bokstavar, i sær stor R og liten d, typisk for norske kjelder, og tydar på eit relativt lokalt opphav.

Språk og innhald

Språket i hymna er naturleg nok latin, om ikkje av heilt klokkerein sort. Latinkunnskapane var nok fråverande hjå bygdefolket, men det var jamvel klaga på at prestane i landet her ikkje lærte seg latin ordentleg. Her har skribenten mest sannsynleg òg hatt problem med eit korrupt manuskript, for det er fleire stader der enkeltord ein finn i dei andre overlevande kjeldene er skifta ut med heilt andre ord i denne versjonen; somme endrar meininga til teksta. Om desse løysingane kom frå skribenten eller kopien hen arbeidde frå er uvisst, men dei er neppe originale.

Musikalsk-liturgisk høyrer Aquas plenas til den såkalla sekvens-tradisjonen. Sekvensen var eigentleg ein litterær genre, som blei framført som ein del av nattverdsritualet. I mellomalderen eksisterte store mengder av slike tekster, gjerne med innhald som omhandla ein særskild helgen. Det er ikkje usannsynleg at nett denne sekvensen blei skriven for å bli framført på helgendagen til Becket (29. desember). Slike var svær populære på den tida, men levde på lånt tid: Etter reformene som Trienterkonsilet innførte i 1570 overlevde berre fire i den katolske kyrkja, mellom anna Dies irae, som var brukt i rekviemsmessa. I løpet av mellomalderen blei sekvensane meir og meir standardiserte kva lengd og form gjeld: Mot slutten av mellomalderen var forma dominert av dobbelvers (couplets), der ein hadde både interne og eksterne rim.

Det var denne tradisjonen Aquas plenas blei skriven inn i. Her er rimsmønsteret mellom versepara AAAAB CCCCB.Teksta handlar ikkje overraskande om livet til Becket, og i sær om helgengjerningane hans. Samanlikningane med bibelske figurar, i sær heltefigurar som måte lata livet. Fyrst er han Elias, som reinsa bittert vatn med salt og giftige urter med mjøl. Seinare blir han samanlikna med syndebukken, med Abel, Jakob, Josef og Samuel. Med det er han kopla gjennom to tropar: offeret og ei betre verd som resultat av det.

Slutten av sekvensen handlar om mirakla Becket var involvert i på jorda: Han straffa ein spottar, men gav ein trufast synet attende; mirakelljos via honom blei tende frå himmelen; og ein gut som hadde skadd foten sin blei lækja.

Internasjonal kontekst

Hymnen eksisterer i nokre andre kopiar. I Paris har to kopiar med musikk overlevd i Bibliothèque Nationale (MS Lat. 1086 & 14872), og ein finn ein kopi i Biblioteca Capitolare i Parma (MS AC/12). Teksta har òg overlevd i to kopiar i Österreichische Nationalbibliothek i Wien (MS 4977 & 4088), men då utan musikk. Samanliknar ein desse handskriftene, ser ein at teksta ikkje er heilt identisk. Dette er ein naturleg konsekvens av kopiering for hand, der det ofte kunne bli slurvefeil; ein kan òg finne freistnadar på å korrigera slike. Ei annan sak var gramatikk: Latinen til skribentar var ofte mindre enn perfekt, noko som ofte var klaga på i samtida. Når det gjeld denne Thomas-hymna, kan ein gå ut frå at forfattaren jobba frå ei utgåve hen var klar over ikkje var god.

Ved å samanlikne utgåvene, kan ein forstå litt om opphavet til sekvensen. Kjelda i Parma er rekna å vere skriven for katedralen i byen på midten av 1400-talet, men notasjonsforma tydar på at ein har brukt ein langt eldre modell som utgangspunkt. Tekstene er i det store og heile identiske forutan ein og annan skilnad i staving, samt nokre transkripsjonsfeil; her er kjelda i Lom den mest problematiske.

Kjelda i Paris skil seg sterkt frå desse to. Denne er notert med kun ein strek. Ein slik notasjon treng ikkje vere så unøyaktig om ein kan stadfesta kva for tone som er markert på den eine streken. I slike tilfelle var det vanlege at han syner kvar ein finn ein av halvtonane, som var nok til å kontekstualisera dei andre tonane. I dei sør-franske områda denne komposisjonen kjem frå, kan ein derimot ikkje ta dette for gjeve, og som eit resultat er det uråd å gjenskapa melodien med 100% tryggleik. Det er likevel openbart at det musikalske materialet er svært ulikt det ein finn i kjeldene i Lom og Parma, men med somme element som er så slåande like at dei kanskje peikar mot eit felles opphav, der musikken i ein av tradisjonane av einkvan grunn blei skifta ut. Teksta er òg ulik i Paris-utgåva.

Her er berre 11 av dei 16 strofene i utgåvene i Lom og Parma med, og eitt av versa er svært omarbeidd. Sekvensane var gjerne i 16 vers, med i Paris-kjelda finn ein òg andre døme på sekvensar som er forkorta for å spara tid.

Relevans

Den nord-europeiske notasjonsstilen og dei nordiske bokstavtrekka tydar på at sjølve handskrifta var av relativt lokalt (norsk?) opphav, og er overlevert i den same institusjonen som det var brukt i. Saman med dei to andre overleverte kjeldene, syner kjelda i Lom at det var prat om ein tradisjon som ikkje berre var å finne i større senter, men òg hadde perifere avstikkarar, som i Lom.

Sekvensen har vore spela inn to gonger. På CDen Tonar gjennom tidene i Lom stavkyrkje blei han for fyrste gong gjeve ut i år 2000. I 2011 blei ei ny utgåve gjeve ut av Elisabeth Holmertz på albumet Martyred Saints and Sister Bells. Sistnemnde er ei noko friare tolking, men ho har likevel sterke musikalske kvalitetar.

Litteraturliste

Gjerløw, Lilli. 1978: «Thomas Becket og Donatus i Lom kirke», i Lom Stavkirke forteller, Fortidsminneforeningen
Henriksen, Vera, Anne Mette Kolden. 2000: Lom Stavkirke, Lom sokneråd
Huglo, Michel. 1978: «Note sur la musique de la prose», i Lom Stavkirke forteller, Fortidsminneforeningen
Taruskin, Richard. 2010: Music from the Earliest Notation to the Sixteenth Century, Oxford University Press