Johan Daniel Berlin: Trondheims universalgeni

0

I det heile har symfonien, av seinare tider rekna som den mest prestisjetunge av alle former, spela ei lita rolle i utviklinga av eit norsk musikalsk særpreg: Grieg hadde lite bruk for genren, og forutan Johan Svendsen og Johan Halvorsen har relativt få symfoniar fått breia seg ut i norsk musikkhistorie – i sær om ein hugsar på kor viktig forma var på 1800-talet. Hadde det utvikla seg ein norsk symfonisk tradisjon tidlegare, kunne ein tenkja seg at Berlin-familien (trykk på fyrste staving) ville ha hatt ein sentral plass som genrens forfedrar i Noreg, for allereie på midten av 1700-talet, hundre år før seinare norske komponistar gav seg i kast med forma, var det allereie ei slekt i Trondheim som skreiv og fekk framført symfoniar her til lands, Berlin-slekta. Av desse var den opphavlege immigranten, Johann Daniel Berlin, både den viktigaste komponisten og eitt av Trondheims store multigeni.

Johann Daniel Berlin. Medaljong frå Ringve museum, eigd av Det Kongelige Norske Videnskaplige Selskab. Foto: Ringve museum.

Johann Daniel Berlin (1714-87) var fødd i Memel i det dåverande Preussen, som kanskje er mest kjend for å vere nemnd som den austlegaste staden som var rekna som tysk i det uglesette fyrsteverset av den tyske nasjonalsongen («Von der Maas bis an die Memel»); byen heiter i dag Klaipėda og ligg i Litauen. Heime skal han ha studert orgel med far sin, Heinrich Berlin, som vi elles ikkje veit stort om. I 1730 hamna han fyrst i Skandinavia, då han i sju år arbeidde under stadsmusikanten Andreas Berg i København. Etter dette blei han sjølv stadsmusikant i Trondheim, byen han i dag er nærast assosiert med, og dei omliggande områda. Her må han ha arbeidd med ei stor mengd andre musikarar, inklusive sveinar, og bygd opp eit musikkliv sterkt nok til å kunne få framført større musikkverk.

Det kan vere at han ikkje greidde å livnæra seg på musikerverksemda åleine, for i løpet av livet hadde Berlin fleire andre stillingar i Trondheim, som syner eklektisismen i mannen. Han var mellom anna ei form for teknisk sjef i byen, med ansvar for vassverket og brannsløkkingsløysingane i byen. Dette arbeidet kombinerte han etter det ein kan sjå på ein framifrå måte med musikarverksemda. At han var teknisk interessert ser ein òg av den store mengda monografiar han skreiv om ei meng ulike tema. Her er inkludert meterologiske undersøkingar, geologi, kart, arkitekoniske planteikningar og jamvel planar for ei treskemaskin! Det er på bakgrunn av denne rike publikasjonen at Berlin har blitt kjend som eitt av Trondheims store multigeni.

Innanfor musikken er den viktigaste publikasjonen til Berlin utan tvil monografien Musicaliske Elementer. Dette var den fyrste dansk-norske musikklæreboka, og er eit imponerande verk i seg sjølv, som omfattar tema frå grunnleggjande takt- og tonelære til ornamentikk og instrumentlære. Men ein skal heller ikkje sjå bort frå boka Anledning til Tonometrien, som faktisk blei omsett til Tysk i Berlins eiga levetid. Denne boka omhandla korleis ein kunne stemme instrument best råd, noko han òg synte ekstraordinær interesse for ved utviklinga av hans Monochordon Unicum, ein reidskap som nett skulle kunne brukast for å berekna stemming mest mogleg vitskapleg. Dette monochordonet, som med rette ber namnet unikum, står i dag på Ringve. I tillegg til dette utvikla han ein mekanisme for å kunne spele sterkt og svakt på cembaloen sin, ein tangentstyrt viola da gamba, og eit klaver med pedalar. Desse har diverre ikkje overlevd, men syner ein mann med gode idear og oppfinningskraft.