Føreord ved redaktøren

0

Kjære lesar!

Norsk musikk før Grieg er for mange eit lite kjend felt. Det er det sjølvsagt gode grunnar til: Tidlegare komponistar var få, og det var langt mellom dei. Kva meir er, er ikkje musikken som er snakka om her utprega norsk. Det er likevel ikkje det same som å seia at det ikkje var skriven musikk av ein kvalitet som gjer han merkbar i dag. Vi ynskjer difor å freista å tilgjengeleggjera representative døme frå sentrale eldre musikkjelder, i sær til glede for lesarar som ikkje har enkel tilgang til slike; eg skulle håpe det er nokså mange, og at nokre av dei kanskje kunne få snudd interessene sine mot slike!

Tidlege musikkjelder er ofte vanskelege å lesa, noko vi har fleire døme på i dette nummeret. Musikknotasjonen har endra seg mykje gjennom tidene, og jamvel notasjon som ser kjend ut kan by på problem. Sjølv om notasjonen nærma seg moderne utsjånad allereie på byrjinga av 1700-talet, har ein gradvis byrja å krevja meir og meir detaljar, slik at utøvaren skal få meir eksakt rettleiing. I eldre musikk vil den eksakte reproduksjonen ein gjerne ventar seg av meir moderne musikk ikkje vere tilstrekkjeleg: Ein må ha stilkunnskap (eller i minsto stilkjensle) for å tolka notasjonen effektivt. Var musikken meint å bli framført av komponisten sjølv, er problemet ofte enno verre. Difor kan det vere at sjølv musikk frå 1700-talet, som ser så kjend ut på papiret, kan trengja spesialkunnskap for å bli framført korrekt, eller så korrekt som råd er. Er kjeldene i tillegg skadde, vil ein kunne bli nøydd til å rekonstruera fleire større parti.

Som lesarar som har fylgd oss ei stund kanskje allereie har gissa, blir det òg eit nytt bidrag til serin om edisjon i dette nummeret. Eit tema edisjonsserien ikkje har teke for seg so langt er nett det tekniske kring å gjera endringar frå kjeldematerialet. Å skriva noko fornuftig om dette er generelt særs vanskeleg, sidan editeringa er slik ein praktisk prosess, der endringar blir gjort på grunnlag av stilkunnskap og ikkje så reint lite intusjon – kort sagt på grunnlag av editorens kjensle for musikken, som hen i utgangspunktet bør ha forfina gjennom både breie og spesialiserte stilstudiar.

Dette spesialnummeret kan kanskje by på nokre døme, gjennom at det blir sett på spesialiserte tilfelle frå verka til Johann Daniel Berlin. Saman med Georg von Bertouch, som vi diverre ikkje fekk med noko om i denne omgang, er Berlin rekna somden fyrste namngjevne «norske» komponisten, og han er den fyrste som skreiv symfoniar og konsertar. I sær to interessante verk vil få merksemd her: den andre symfonien og fiolinkonserten. I konserten ser handskrifta ut til å vere eit hastearbeid, og tidas tann (eller ei musetann) har ete opp delar av fiolinstemmene, som difor må bli rekonstruert. Dette er eit detaljstudium som syner mange av dei vanskelege avgjerdene ein editor må gjere.

Det er òg eit høgst dagsaktuelt, om syrgjeleg forseinka innlegg på vegne av ein aktuell komponist. I fjor var det 300 år sidan Berlin var fødd, eit jubileum som ein med all respekt bør kunne seie ikkje blei dekt spesielt inngåande. Nokre heiderlege unntak kan ein nemna, så som Norsk Barokkorkesters nyinnspeling av verka hans. Dette er ei innspeling som i langt større grad enn tidlegare innspelingar verkar til å ha teke innover seg det vi veit om historisk framføringspraksis, og kan difor bli tilrådd til alle som noko annleis enn tidlegare innspelingar. Eit anna heiderleg unntak kan òg nemnast: Underteikna driv for tida med arbeid på ein ny edisjon av Berlins verk, som skal bli ein del av prosjektet Norsk Musikkarv, og syta for at desse verka òg blir lett tilgjengelege i gode utgåver i framtida. Eg bed dykk difor tilgje at det er ein del Berlin-stoff her, for det er noko eg har hatt nytte av å gjera, og er dumdristig nok til å tru kan vere interessant for andre enn meg sjølv.

Ein kan merke seg at dei tidlegaste «norske» komponistane i denne etter-katolske tradisjonen eigentleg ikkje er nordmenn, men immigranttyskarar som hadde andre stillingar. Dette er sjølvsagt eit resultat av den marginale posisjonen Noreg hadde under danskeveldet, men om ein går lengre attende, kan ein finna kjelder som peiker på langt eldre tradisjonar.

Etter at Nicholas Breakspear (seinare pave Adrian IV) fekk oppretta Nidaros som eige erkebispedøme i 1152, skulle det veksa fram ein rik kyrkjeleg musikktradisjon kring Nidarosdomen og katedralskulen i Trondheim. . Dette verket er på same tid eit døme på kor vilkårleg det kan vere kva som har overlevd og ikkje, og på at det framleis er populærinteresse for materialet som har overlevd: Schola Sanctae Sunnivae, under leiing av Anne Kleivset, spela nyleg inn Fingergullofficiet. I det høve fekk Ranveig Aas intervjua ho og professor Eugeen Liven d’Abelardo, som stod bak restaureringsarbeidet som gjorde framføringa mogleg.

Men Nidaros-tradisjonen er ikkje den einaste som har vore her i landet. I Lom stavkyrkje var det i 1973 funne ei noteskrift med ein hymne til ære for Thomas Becket, erkebiskopen av Canterbury som blei drepen av Henrik II, og som skulle bli ein av dei viktigaste helgenane i seinmellomalderen. Dette var eit funn som fekk internasjonal merksemd, då det var prov for ein Becket-tradisjon som må ha strekt seg over store delar av det katolske Europa.

Då mange nordmenn nok er best kjend med Becket frå den klassiske britiske komedien Blackadder, og Steffen Hope har difor bidrege med ein artikkel som tek for seg den historiske bakgrunnen kring Becket og Becket-kulten. Med det vonar vi å ha slått eit slag for det oversette sisteleddet i namnet vårt: Musikk & historie. Alt som er skrive her er kopla til dei båe, og etter kvart som tidsskriftet veks, burde plassen for kontekstualiserande historie få ordentleg innpass her. Måtte fleire slike artiklar kome i åra som kjem!

Med nyårshelsingar,
Halvor K. Hosar