Berlins andre: Zinkesymfonien

0

Det er overlevert tre symfoniar av Johan Daniel Berlin. Av desse er det for det meste nummer to folk har brydd seg med. Dette er samstundes symfonien som er rekna for å vere den tidlegaste, og utan tvil den enklaste i forma. Grunnen til populariteten er bruken av eit obskurt, arkaisk blåseinstrument: zinken.

Johan Daniel Berlin skreiv tre symfoniar. Vi veit ikkje kva for rekkjefylgje desse var skrivne i, men den andre symfonien er gjerne rekna for å vere den eldste. Denne avgjersla kan ikkje bli teke på grunnlag av måten materialet er overlevert på (Berlin-verka er nummererte – kanskje av Berlin sjølv – og her kjem symfonien som nummer to), men på stilistiske grunnlag. Denne symfonien er, som Berlins to andre, berre overlevert i ei enkelt kjelde på Gunnerusbiblioteket (hyllemerke XM 23). Manuskriptet er tilgjengeleg på heimesidene til biblioteket.

Utvalde fyrstesider frå symfonien. Frå NTNU UB, Gunnerusbiblioteket, handskrift XM 23.

Ein har gjerne tenkt på musikkhistorie som eit vulgærevolusjonistisk fenomen, der det eigentlege resultatet er eit studium av korleis musikken gradvis har blitt meir kompleks. Dette er vel å merkja ein tanke som ikkje er så gjeldande i våre dagar, forutan at ein enno kan sjå etterdønningar av oppgjeret med honom i historiebøkene. Dette gjeld både på det største og minste nivå: Nett som ein med rette eller urette har rekna romantikkens verk som meir avanserte enn klassisismens, som i neste omgang er meir avanserte enn kategorien Berlin kanskje høyrer til, med det uheldige namnet før-klassisk, ventar ein gjerne at seinverka til ein komponist skal vere meir avanserte, eller på eitkvart vis reinare og meir konsentrerte, enn dei tidlege verka.

Ser ein på Berlins symfoniar, er det god grunn til å meine at dette er tilfellet. Samanliknar ein proporsjonane til og toneartsrelasjonane mellom satsane i dei ulike symfoniane, er den andre symfonien utan tvil den enklaste:

Symfoni 1

Sats 1 2 3 1-3
Lengd 64 31 106 201
Toneart I (D) III (F) I (D)

Symfoni 2

Sats 1 2 3 1-3
Lengd 41 22 42 105
Toneart I (D) I (D) I (D)

Symfoni 3

Sats 1 2 3 1-3
Lengd 60 48 75 183
Toneart I (D) IV (G) I (D)

Det same ser ein om ein samanliknar ensembla som er brukt i dei:

Symfoni 1:

2 klarinettar (fløyter i andresatsen)
Fyrstefiolin
Andrefiolin
Bratsj
Cello
Generalbass

Symfoni 2:

1 zinke
Fyrstefiolin
Andrefiolin
Bratsj
Cello
Generalbass

Symfoni 3:

2 klarinettar (fløyter i andresatsen)
Fyrstefiolin
Andrefiolin
Bratsj
Cello
Kontrabass
Generalbass

Det er ikkje alltid openbart korleis ein skal tolka fakta som dette. Til dømes har symfoni 3 det største ensemblet, sidan Berlin òg skreiv ei kontrabasstemme. Dette treng likevel ikkje innebera at kontrabass ikkje var brukt i dei andre symfoniane: Kontrabasstemma er ei forenkla utgåve av stemma til generalbassen og celloen, og ein kan lett tenkje seg at ein kontrabassist ville ha greidd å laga ei forenkling av stemma på staden, slik at det ikkje ville vere naudsynt å skriva ut stemma. At dette var det historiske tilfellet er likevel uråd å prova, men å spela dei andre symfoniane med ein kontrabasstemme ikkje ulik ho ein finn i tredjesymfonien kan vere eit alternativ for moderne ensemble.

Det sterkaste motargumentet er at Berlin nummererte framføringsmaterialet som har overlevd i Gunnerus-samlinga sjølv, og som ein kan sjå av framsidene under, er symfoni 2 plassert mellom 1 og 3 i dette systemet. Vi veit ikkje kva for tankar Berlin tenkte når han nummererte symfoniane, men det er det beste provet vi har på kva for rekkjefylgje han tenkte symfoniane i.

For å gå attende til andresymfonien, ser ein at han er klart enklare enn dei andre, i minsto om ein legg parametrane over til grunn: Kvar enkelt sats er alltid kortare enn dei tilsvarande satsane i dei andre verka, og Berlin held alle satsane i den same tonearten. Kva meir er, er den einaste blåsaren i satsen ein zinke, eit arkaisk instrument ein ikkje kan koma utanom. Sjølv om ein enkelt kan konkludera (med rette eller ikkje) at symfonien er den eldste, er det likevel symfonien som har fått mest merksemd i nyare tid. Det er til dømes den einaste symfonien som er nemnd i standardverket The Symphonic Repertoire, og han har blitt gjeve ut i fleire arrangement for ulike instrument og ensemble. Grunnen til nett det er nok den eksotiske klangen i zinken, som elles er nærast totalt fråverande i symfonirepertoaret. Her har altså den heller obskure trondheimskomponisten noko å tilby som ein ikkje kan finna annanstads.

Zinken (eng. Cornetto, frå it.) er eit blåseinstrument med ein klang som mest liknar på ein mjuk trompet. Instrumentet er laga av eit trestykke som har blitt snitta i to og forma til å bli to bitar av ei lett kurva eller s-forma kjegle. Bitane blei til slutt lima saman og kledd i skinn. Instrumentet var populært allereie i renessansen, og jamvel i barokken fann ein det stadig i bruk: Sopran-utgåva var i sær populær, og konkurrerte lenge med fiolinen om å vera det viktigaste sopraninstrumentet. Det var ein kamp zinken til slutt skulle tapa, både av di det korkje var like fleksibert teknisk eller klangleg.

På Berlins tid var zinken på veg til å bli ein kuriositet, men hadde framleis ein viss relevans. Dette ser ein ut frå Berlins eigne skrifter: Berlin nemnde instrumentet utfyllande i Musicaliske Elementer i 1744, som i minsto syner at det var eit instrument han meinte var gjengs nok til å rettferdiggjera at det skulle bli teken med i ei grunnleggjande musikkbok. Utifrå illustrasjonane kan ein sjå nokre teikn på kva slags instrument som var nytta i krinsen til Berlin, og kva for moglegheiter han meinte instrumentet hadde.

Det er interessant å merka seg at klarinetten, som Berlin brukar i dei to andre symfoniane, ikkje er nemnd. Trass i at klarinetten framleis ikkje hadde funne vegen til inn i symfoniorkesteret (der blei han eigentleg fyrst eit standardinstrument kring 1800), hadde ein eldre utgåve av instrumentet vore eit vanleg instrument blant norske musikantar. Ein kan óg merka seg at det i buet etter Berlin (som var oppteikna i 1788 i boka Fortegnelse over adskillige Mathematiske og Musicalske Instrumenter, samt Bøger i adskillige Videnskaber, som først i tilkommende Aar 1788 blive ved Auction bortsolgte i afg. Overbrandmester Berlins Huus her i Byen) inneheldt to zinkar, men ingen klarinettar. Det er difor slett ikkje uråd at det er klarinettane i dei andre symfoniane som representerer ein lokal praksis, og zinken ein freistnad på å genuin nyvinning ved å introdusera eit nytt instrument – altså det motsette av kva ein i utgangspunktet skulle tru!

Då Kortsen editerte verka til Berlin i 1977, var han ikkje heilt sikker på korleis ein skulle spele denne stemma i vår tid. Zinken har noko av klangen til både oboen og trompeten i seg, og sjølv om han ikkje avskreiv trompeten som eit alternativ, meinte han at den mindre klangsterke oboen sannsynlegvis ville vere eit betre alternativ. Han var likevel klar på at ein skulle bruke ein ordentleg zinke om det var råd. Sidan 70-talet har heldigvis zinken blitt meir vanleg, og det er i dag fleire innspelingar av verket med det korrekte instrumentet.

Side 1 i Berlins handsaming av zinken i Musicaliske Elementer. Frå Gunnerusbibliotekets XM Oct. 8.

Side 2 i Berlins handsaming av zinken i Musicaliske Elementer. Raude og grøne bokstavar representerar dei tilgjengelege notane på respektivt c- og d-kvartzinke. Frå Gunnerusbibliotekets XM Oct. 8.

Side 3 i Berlins handsaming av zinken i Musicaliske Elementer. Frå Gunnerusbibliotekets XM Oct. 8.’

Zinkestemma i symfonien strekkjer seg frå a’ til d»’. Dette er ifylgje Berlin sjølvein stor sekund over rekkjevidda til den vanlege zinken(a-c»’), og sjølv om ein god instrumentalist nok kunne få tonen ut av instrumentet, ville det vere skummelt å lita på. Berlin nemner òg ei mindre utgåve av det same instrumentet, nemleg kvartzinken, og kalla cornettino. Namnet kvartzinke kjem av at denne mindre utgåva av instrumentet heva registeret til grunninstrumentet frå d’-f»’. (Det eksisterer òg ein kvartzinke med register som er ein stor sekund lågare, men denne er ikkje nemnd av Berlin.) Det er òg verd å merka seg at stemmen til zinken er transponert ned ein sekund, og difor er notert i C. Utan å vita meir om instrumenta til Berlin er det leitt å seia nett kvifor han noterte transponerande, men det kan ha å gjera med at stemminga av zinken og strykarane var så mykje som ein stor sekund frå kvarandre. Zinker var ofte stemt høgare enn andre instrument, og å stemma dei enno høgare var enklare enn lågare. Slik kan det vere at ein her stemte zinken enno meir opp, slik at ein kunne spela stemt med resten av ensemblet, men likevel i ein enkel og grei toneart.

Alt i alt er stemmene praktfullt notert, når ein hugsar på at det er prat om ei 1700-talshandskrift. Slikt framføringsmateriale er nærast alltid problematisk, i sær om det ikkje var kopiert frå eit partitur, men frå anna stemmemateriale: Då blei det mykje vanskelegare å oppdaga feil, sidan ein ikkje kunne sjå den harmoniske konteksten, og om ein feil hadde snike seg inn i materialet ein kopierte frå, var det nærast uråd å oppdaga. I dette tilfellet er materialet nesten heilt sikkert skrive ut av komponisten sjølv, som har teke seg god tid til å skriva stemmene nøyaktig ut. Det er openbart at desse stemmene ikkje var meint for ei eingongsoppføring, men at dei skulle kunne bli brukt så ofte som det var ynskje om det. Dette ser ein gjennom eit uvanleg tillegg: Bratsjstemma eksisterer òg i ein kopi for tredjefiolin, som er skriven ut med nesten like mykje flid som dei andre stemmene. Dette tydar på at bratsjar (og bratsjistar?) ikkje alltid var tilgjengelege, og at ein måtte skriva stemmer til dei som òg kunne bli spela på fiolin – eit ikkje uviktig hinder. Det er temmeleg sikkert at det ikkje var meint at ein skulle bruka dei båe under ei framsyning, for tredjefiolinen var opphavleg ikkje nemnd på framsida, men har blitt føya til med blyant i nyare tid.

Notasjonen i så sein musikk er til forveksling lik moderne notasjon, og dei grunnleggjande elementa er ikkje vanskelege å lesa. I slike tilfelle er det di viktigare å vera klar over dei skilnadane som faktisk er der, då det er lett å bli villeia til å tru at ein kan lese notasjonen nett slik han står, og med det forstå kva komponisten har meint.

I dette tilfellet (og det gjeld for musikken til Berlin generelt) er det i sær to ting ein må merke seg. For det fyrste er bruken av bogar problematisk når det er med triolar. Berlin noterar triolar med eit tre-tal og ein triolboge. Denne let seg ikkje skilja frå legatobogar, og så Berlin aldri bruker dei to i lag, må ein gå ut ifrå at han rett og slett ikkje hadde nokon måte å notera legatobogar over triolar på. Musikarar må difor fylla inn desse som dei ynskjer. Meir problematisk er mangelen på fraserinsindikasjonar i zinkestemma. Om ein samanliknar fyrstefiolinen med zinken, ser ein at zinkestemma er undernotert, og zinkespelaren vil måtte supplere desse sjølv.

Korleis let så musikken? Stilistisk høyrer verka til i ein tidleg symfonisk tradisjon, ikkje ulikt verk ein kunne høyra på 1740-talet i meir sentrale strok av Europa. Men det uvanlege ensemblet resulterar òg i somme uvanlege resultat: I praksis får ein med zinken eit soloblåseinstrument, og forma til verket får òg ein konsertaktig karakter. Sjølv eksposisjonen i fyrstesatsen berre er 17 takter lang, skapar introduksjonen av zinken ei kjensle av at dei fyrste taktene slektar på eit konsertritornell. Belin brukar det same trikset i den andre satsen: Strykarane spelar eit tema, før zinken henger seg på med eit tema der opninga liknar nok til at ein sansar at det er eit slektskap mellom dei, før dei så skil lag. (Tredjesatsen er annleis: Her kjem zinken inn midt i den fyrste tanken, og effekten blir difor mindre dramatisk enn i dei føregåande satsane.) Den klare klangkontrasten og den solistiske utføringa av tankane går mot konserten heller enn den tematisk arbeidande symfonien vi kjenner så godt frå slutten av hundreåret.

Ein må likevel ikkje bli villeia til å tru at dette er ein feilnamna konsert. Sjølv om Berlin spelar på kontrasten mellom zinken og strykarane, skjer ikkje dette på premissane ein vanlegvis assosierer med konsertar. Ritornell og reine soloparti er heilt fråverande, og når zinken ikkje speler det same som fyrstefiolinen, spelar han gjerne korte motiv som fungerer som ein motstemme. I det heile verkar samspelet mellom dei tettare enn ein ville finne i konsertar på same tid, noko som òg er heilt naudsynt i eit sopass kortfatta verk.

Resultatet er ein symfoni som på mange vis er enkel, nesten primitiv, men som absolutt har eit preg eigedommeleg nok til å ha verte merka òg utanfor Noreg.

Litteraturliste

Boer, Bertil van. 2012: «The Symphony on the Periphery», i Mary Sue Morrow (red.), Bathia Churgin (red.) & A. Peter Brown (red.), «The Eighteenth-Century Symphony», bind 1 i The Symphonic Repertoire, Indiana University Press

Haynes, Bruce. 1994: «Cornetts and Historical Pitch Standards», Historic Brass Society Journal, årgang vi

Kortsen, Bjarne. 1977: The Collected Works of Johan Daniel Berlin, Edition Norvegica

Michelsen, Kari (red.). 1987: Johan Daniel Berlin: Universalgeniet i Trondheim, Strindheim Trykkeris Forlag