Det liturgiske biletet av Thomas Becket i England og Noreg

0

Ein av dei mest ikoniske helgenane i høgmellomalderen var Thomas, erkebiskop av Canterbury. Han vart drepen av riddarar frå kongen sin nære krins, og vart kåra til helgen av pave Alexander III berre tre år etter. Utetter mellomalderen vart forteljinga om den standhaftige erkebiskopen spreidd vidt ikring i Europa, og martyrdomen hans inspirerte helgenlitteraturen og helgendyrkinga i mange geografiske område, frå Island til Polen, og frå Noreg til Spania. Denne artikkelen tek føre seg korleis Thomas vart formulert gjennom liturgien og kva karaktertrekk som var spesielt viktige i utforminga av dette liturgiske biletet.

Henrik 2. nominerer Becket til erkebiskop. Frå MS Royal 2 B VII, British Library, 1310-20.

Erkebiskop Thomas av Canterbury, betre kjend som Thomas Becket, vart drepen om kvelden 29. desember 1170 i Canterbury-katedralen av ei gruppe riddarar som høyrde til kong Henrik II sin nære krins. Thomas hadde nyleg kome attende til England frå Frankrike, der han hadde vore i eksil i seks år som følgje av ein konflikt med kongen. Denne konflikten hadde vore sentrert kring spørsmålet om prestar kunne dømast ved den kongelege domstolen når dei braut verdsleg lov. Erkebiskop Thomas meinte at prestar skulle dømast ved kyrkja sine domstolar uansett kva lovbrotet var, og for kong Henrik var dette eit overtramp mot kongen sine juridiske rettar. Konflikten mellom Thomas og Henrik var i sin tur eit typisk trekk ved forholdet mellom kyrkjemakt og kongemakt i høgmellomalderen, og hadde røter tilbake til investiturstriden og den gregorianske reformasjonen i siste halvdel av 1000-talet. Utetter høgmellomalderen var det ofte gnissingar mellom dei to maktene sine juridiske sfærer, og ettersom både konge og erkebiskop hadde store ressursar til rådigheit kunne konflikten nå tilsvarande store høgder. Dette hadde vore tilfelle med Thomas Becket som hadde synt slik standhaftigheit – nokon vil kanskje seie vrangsinn – at kongen til slutt bestemte seg for å arrestere erkebiskopen og døme han etter kongeleg lov. Då det var klart kva kongen hadde i sinne bestemte Thomas seg for å flykte og drog til Frankrike, der han fekk opphalde seg hjå Cisterciensar-munkane og vart støtta både politiske og økonomisk av kong Ludvig 7. av Frankrike og pave Alexander III. Etter mange år med diplomati vart kongen og erkebiskopen endeleg forsona i tilstrekkjeleg grad til at Thomas og følgjet hans kunne dra attende til England, men det blei ganske raskt openbert at kong Henrik ville gjere det vanskeleg for erkebiskopen å byggje opp att den makta og den posisjonen han hadde hatt i England før eksilet. Forholdet mellom dei to tok nok ein gong til å surne ettersom Henrik sette fleire restriksjonar for kor Thomas kunne reise – kongen ville ikkje at erkebiskopen skulle hauste for mykje popularitet, og han såg med uro på dei store folkemengdene som møtte opp for å helse Thomas kvar gong han gjorde inntog i ein by, noko som fekk erkebiskopen til å framstå som ein heimvend sigerherre. Restriksjonane som kongen sette ned vart møtt med sterk misnøye, og Thomas svara med å krevje at kongen sin son, som hadde blitt krona som Henrik sin etterfølgjar i løpet av Thomas sitt eksil, skulle kronast på nytt ettersom erkebiskopen av Canterbury – øvste leiar av den engelske kyrkja – ikkje hadde utført kroninga. Det var dette ømme punktet som låg bak diskusjonane om Thomas ved kongen sitt julehoff i Bayeux, og det var her han – i følgje Becket-hagiografen Edward Grim – skal ha klaga si naud over kor lite handlekraftige hans næraste menn var sidan dei kunne late ein prest frå låge kår halde fram slik mot kongen. Det var i etterkant av desse klagene at ei gruppe riddarar bestemte seg for å myrde erkebiskopen, og dette drapet har blitt skildra utførleg i dei samtidige kjeldene til Thomas sin død. Den mest groteske og karakteristiske detaljen var sjølve dødsstøtet. I lectio 9 i officiumsteksten frå York-breviariet står det at Thomas fall overende etter at to riddarar hadde slått til hovudet hans med sverda sine. Medan Thomas låg på det kalde steingolvet gjekk ein annan riddar fram og kappa av hovudskallen hans og hakka laus på hjernen hans så blod og hjernemasse flaut utover golvet. (Slocum 2004: 44-78)

Frå MS Harley 5102, British Library, 1175-1200. Beckets martyrdød, med Edward Grim.

Det hagiografiske biletet

Då drapet fann stad var det fem augevitne til hendinga: John av Salisbury, William fitzStephen, Benedict av Peterborough, William av Canterbury og Edward Grim. Alle desse var prestar og munkar med god kjennskap til helgenlitteratur, og dei hadde alle, med unntak av Edward Grim, vore med Thomas Becket i Frankrike. Då dei fem augevitna skulle omforme Thomas Becket si livssoge til hagiografiske vitae – helgenbiografiar – stod dei overfor ei betydeleg utfordring. Opp gjennom sitt liv som hoffmann og erkebiskop hadde ikkje Thomas synt seg som eit utprega heilag mann, og livssoga hans var ikkje lett å få ordna i tråd med hagiografisk typologi. Til dømes hadde Thomas kome frå låge kår og kunne derfor ikkje seiast å tilhøyre ein edel, heilag familie, som var eit mykje utbreidd topos i helgenlitteraturen. Som kongens mann hadde han delteke i krig og vore delaktig i drap og blodbad, noko som var uakseptabelt for ein mann med helgenaspirasjonar. Hans generelle livslednad hadde vore utsvevande og pralande, både som kongens mann, men også som erkebiskop, for ein av slik rang var ein rik mann og i enkelte tilfelle like rik som ein verdsleg fyrste. Men då Thomas flykta til Frankrike vart forholda endra. I løpet av eksilperioden hans hadde Thomas losjert i lange periodar hjå cisterciensarordenen i eit kloster i Pontigny som ligg i dagens Burgund. Her deltok erkebiskopen i det asketiske klosterlivet med stor iver. Livet hjå cisterciensarane stod i skarp kontrast til det livet han hadde levd, og at det hadde hatt sin effekt på Thomas vart openbert for dei fem augevitna då dei skulle ta hand om den døde erkebiskopen og klargjere liket for gravlegging. Idet dei kledde av den daude oppdaga dei at under prestekleda, nærast huda, var Thomas ikledd ei skjorte laga av strihår. Denne oppdaginga vart sett på som eit bevis for at Thomas, trass sitt høgståande embete og prangande embetsuniform, eigentleg var ein enkel, asketisk mann, og dette betydde i sin tur at Thomas hadde brote med si fortid som pralande hoffmann og levde eit strengt, helgenaktig liv. Dette vart derfor grunnsteinen i det biletet av Thomas Becket som dei fem presenterte i sine respektive bøker om den døde erkebiskopen.

Becket vert krona som erkebiskop. Frå MS Royal 2 B VII, British Library, 1310-20.

Den nye mannen

Thomas si strihårskjorte var prov på at erkebiskopen hadde gjennomgått ei endring på eit djupt personleg plan, ein conversio, der den tidlegare hoffmannen hadde vendt sjela bort frå den verdslege verda. Og sjølv om Thomas hadde fylgt dei verdslege reglane for korleis erkebiskopar skulle underhalde stormenn og syne fram rikdomen sin, so hadde han gjort dette fordi det var eit krav som fylgde med embetet. I sitt private liv, derimot, hadde erkebiskopen tynt kroppen sin for å ikkje gje etter for ulike typar freisting, og han hadde i så måte vore tru til Kristi ord og føresegn som seier at ein skal faste i det dulde, og Gud som ser i det dulde skal løne i det dulde (Matteus 6,4). Sidan alle augevitna – med unntak av Edward Grim – hadde vore saman med Thomas i hans eksilperiode, var det lett for dei å sjå på dette eksilet som ein avgjerande faktor i erkebiskopen sin conversio. Thomas hadde teke eit oppgjer med sitt tidlegare liv og blitt ein ny mann i tråd med Paulus sine ord i efesarbrevet 4,22-24: De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. De må fornyast i sjel og sinn og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

Thomas sin conversio vart eit sentralt tema i det liturgiske biletet. Dette ser vi tydeleg i nokre døme frå rim-officiet til Becket sin dies natalis, 29. desember, slik det er overlevert til oss i MS CFW 369. Dette officiet, kjent under incipit-teksten Studens livor, vart forfatta av Benedict av Peterborough, mogelegvis allereie i forkant av helgenkåringa i 1173. I dette officiet finn vi den fyrste referansen til conversio-motivet allereie under feiring av matutin, som var den viktigaste av officiet sine tidebøner. Matutin-gudstenesta vart halde nokre timar etter midnatt – det eksakte tidspunktet varierte med årstidene og sola – og dette var den lengste delen av officiet. Matutin var delt inn i tre delar som vart kalla nocturner, og kvar del inneheldt fire lesingar –lectiones der det vart lese høgt frå ein prosaversjon av Thomas sitt liv. Kvar lesing vart fylgt av eit kort tekststykke framført som song, og sidan denne teksten var konstruert som eit tilsvar til lesinga vart dette spesifikke tekststykke kalla responsorium, ein respons. I tillegg til desse elementa inneheld dei to fyrste nocturnene kvar sine seks salmar, og til kvar av desse salmane vart det framført eit anna kort tekststykke med musikk, og dette vart kalla antifon, forsong. Desse antifonane inneheldt stoff om helgenen, og allereie i den fyrste antifonen i den fyrste nocturnen møter vi ein referanse til Thomas sin conversio. I antifonen står det:

Summo sacerdocio
Thomas sublimatus
Est in virum alium
subito mutatus
Til høgaste presteembete
vart Thomas elevert
Han vart til ein annan mann
plutseleg endra

 

Som nemnt er antifonane små tekststykke som vert framførte før og/eller etter salmane. Officier til bestemte helgentypar følgjer bestemte salme-sekvensar og forholdet mellom antifon og salme er derfor ikkje likegyldig. Antifonen Summo sacerdocio vart framført i forkant av salme 1, som opnar med «Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske». Thomas vert med andre ord jamstilt med den sæle mannen, på latin beatus vir, som høyrer Guds ord og fylgjer det.

Becket reiser i eksil. Frå MS Royal 2 B VII, British Library, 1310-20.

Eksil

Presentasjonen av den nye mannen held fram i andre antifon, der strihårskjorta vert omtala, og dette toposet er også sentralt i teksten for andre og tredje lesing. I tredje lectio, til dømes, finn vi grunnteksten til fyrste antifon, der det står at “då Thomas var prestevigsla vart han plutseleg endra til ein annan mann”, og det er dette antifonen er basert på. Prosatekstane var eldre enn songtekstane til Thomas-officiet, og sjølv om songtekstane ofte kjem før prosatekstane er det prosatekstane som legg til rette for innhald og formuleringar i antifonar og responsorier. Når vi så vender oss til responsoria til desse to lesingane ser vi at biletet av den nye mannen står sentralt også her, men narrativet har no nådd det neste stadiet. Fokuset i desse tekstane er fyrst og fremst på eksilet og kva rolle det spelte i utforminga av Thomas sin karakter og hans heilage endelikt. I følgje antifonane og lesingane skjedde Thomas si fromme metamorfose “plutseleg”, men dette gjorde berre til at han vart ein from mann. Det var eksilet med sine utfordringar som omskapte Thomas frå ein from mann til å verte ein heilag mann. Dette ser vi tydelegast i tredje responsorium.

Lapis iste
sex ann[is]? tunditur,
Sic pollitur,
sic quadrus redditur
Denne steinen
i seks år vert hamra,
slik vert den polert,
slik vert den gjeven si kvadratiske [endelege]form

Ut ifrå samanhengen mellom andre og tredje lesing og responsoria deira ser vi at den nye mannen og eksilet er to hagiografiske topos som her vert knytt saman. Eksilet var nemleg eit populært topos med ein lang og viktig tradisjon. I det gamle testamentet, til dømes, vert Jakob, son til Isak, sendt i eksil etter å ha lurt farsarven frå broren Esau, og sidan Jakob var ein av dei viktigaste jødiske patriarkane vart Jakob sitt eksil ofte nytta som prototypen på eksil der hovudpersonen vert omforma til eit betre menneske. Eksil-toposet finn vi også i det nye testamentet, der Maria, Josef og Jesusbarnet flyktar til Egypt for å sleppe unna Herodes. Ved å presentere Thomas Becket sitt eksil som reinsingsprosessen som gjorde Thomas til ein heilag mann, vert erkebiskopen typologisk knytt til Jakob og Kristus. Dette er eit veldig viktig poeng, for i mellomaldersk helgenteologi var det viktig å påpeike kven helgenane etterlikna i sine gjerningar. Aller helst skulle helgenen imitere Kristus i sin livslednad, sine gjerningar og/eller sin død. Dette var kjent som imitatio Christi – Kristi etterfølgjing – og var sentralt i dei fleste helgenlegender. Andre helgenar kunne også tene til føredøme, det viktige var at den nye helgenen hadde ei kopling med den eksisterande tradisjonen slik at helgenen lettare kunne identifiserast som nettopp ein helgen.

Den gode hyrdingen

Om vi går tilbake til antifonane ser vi at biletet av den nye mannen etter kvart vert fylgt av biletet av den gode hyrdingen. Dette er eit bilete med sterke kristus-konnotasjonar sidan Kristus omtalar seg sjølv nettopp som den gode hyrdingen i Johannes-evangeliet (10,11 og 10,14). Dette er eit mykje brukt topos i framstillingar av preste-helgenar, for presteskapet var sett på som hyrdingar for dei kristne, noko vi til dømes ser ved at det latinske ordet for hyrding, pastor, den dag i dag vert nytta om prestar. I Thomas-liturgien er den gode hyrding eit viktig tema, og Thomas sin standhaftigheit i konflikten med kong Henrik vart sett på som eit utslag at erkebiskopen si hyrdegjerning. Kongen og hans menn tok dermed rolla som ulvar og revar i allegorien om den gode hyrding, og dette finn vi allereie i tredje antifon.

Cultor agri Domini
tribulos avellit
Et vulpes a vineis
arcet et expellit
Forpaktaren av Guds åkrar
fjernar torner [og tistlar] Og revane frå vingarden
held han på avstand og han jagar dei bort

Denne antifonen høyrer saman med salme 4 som opnar med «Når eg ropar så svar meg», og er ei oppfordring til Gud om å verne i naud. Dette samsvarer godt med biletet av Thomas som vernar vingarden mot revar, og saueflokken frå ulvar, som er biletet vi finn i den fjerde antifonen. Denne antifonen står i sin tur i forhold til salme 5 som opnar med «Herre, høyr mine ord» og legg til rette for den same koplinga som vi finn mellom tredje antiphon og salme 4. Biletet av Thomas som den gode hyrding og forpaktar finn vi att i fjerde lesing som avsluttar fyrste nocturn – det er denne teksten som legg grunnlaget for dei to antifonane – og dette biletet dukkar også opp i femte lesing som opnar andre nocturn. I femte leksjon flyttar vi oss frå det metaforiske til det realhistoriske, for her vert det gjort klart og tydeleg at erkebiskop Thomas låg i strid med kongsmakta. Det metaforiske held derimot fram i responsoriet, der det står at «forpaktaren av vinen fell [daud]i vingarden» (Slocum 2004: 171).

Becket kjem attende til England. Frå MS 2 B VII, British Library, 1310-20.

Dei neste lesingane i andre nocturn tek opp att eksil-temaet, og lesingane i tredje nocturn utbroderer biletet av den gode hyrding med lesingar frå Johannes-evangeliet og homilie 14 av Gregor den store. Eg tenkjer ikkje å utbrodere den intrikate framstillinga av Thomas si lidingssoge gjennom liturgien og intertekstualiteten i officiet, sidan det vil ta meir plass enn denne artikkelen tillet. Men med desse eksempla ser vi dei tre mest sentrale aspekta i det hagiografiske og liturgiske biletet av Thomas Becket: Den nye mannen som vert omforma til ein heilag mann i eksil og som held fast ved si rolle som hyrding og til slutt ofrar livet for flokken sin. Hyrding-tematikken er dermed uløyseleg knytt til martyrdomen og den ultimate imitatio Christi: å møte døden for Guds skuld.

Thomas-kulten

Sjølve kulten kring Thomas hadde ein treig start. I etterkant av drapet herska det uro og forvirring i Canterbury, og sjølv om funnet av strihårskjorta vart sett på som eit teikn på heilagdom var dei fem augevitna redde for å snakke for høgt om det som hadde hendt i frykt for represaliar. Etter kvart byrja ryktet likevel å gå, og i følgje hagiografiane byrja helgendyrkinga av Thomas fyrst hjå fattige folk. Bøkene fortel at kleda som Thomas hadde gått i då han vart drepen vart gjevne til ein av leiglendingane som tilhøyrde Canterbury-katedralen, og det synte seg etter kvart at gjennom blodet til erkebiskopen strøymde det ei lækjande kraft. Denne krafta kom direkte frå Gud og verka gjennom Thomas sitt blod. I tråd med mellomaldersk helgenteologi var dette eit klart teikn på at Thomas hadde vore ein heilag mann, for Gud let si kraft verke gjennom heilage menn og kvinner. Då bonden oppdaga at blodet til erkebiskopen kunne lækje byrja ryktet å gå, og om lag tre år etter drapet vart Thomas helgenkåra av pave Alexander III.

Becket-kulten spreidde seg i rekordfart utetter den katolske verda. Delvis skuldast dette at pave Alexander sjølv var ivrig etter å få etablert Thomas sin helgenstatus i katolske prestegjeld. Alexander hadde sjølv vore aktiv i det diplomatiske spelet i løpet av Thomas sitt eksil og hadde korrespondert med både Henrik og Thomas for å forsona dei. I løpet av dette diplomatiet hadde Alexander vore forsiktig overfor den engelske kongen, for 1160-talet hadde vore ein periode med skisma i det katolske kyrkja, og Alexander hadde hatt bruk for den politiske støtten Henrik hadde gjeve han, og som den engelske kongen var trugande til å fjerne på kort varsel. Men etter drapet på erkebiskopen var maktforholdet endra, og sjølv om Henrik ikkje hadde vore personleg delaktig og heller ikkje gjeve ordre om drapet, var det tydeleg for alle – inkludert Henrik sjølv – at han hadde eit visst ansvar. Det var dette medvitet om kongen sitt ansvar som gjorde at den døde erkebiskopen raskt vart eit symbol for opposisjon til kongemakta. For kong Henrik vart dette etter kvart problematisk, sidan hans økonomiske og juridiske politikk hadde opna konfliktar med både kyrkje og adel, og for desse kreftene vart Thomas Becket eit viktig symbol.

At Sankt Thomas vart ein slags heilag antagonist for kongemakta la eit ekstra press på kongen som ikkje berre måtte takle misnøgde undersåttar, men også opprør frå sine eigne søner og den skotske kongen i perioden 1173 til 1174. Denne serien med opprør og innbyrdesstrid skulle etter kvart kome til å verte eit vendepunkt i kulten kring Thomas Becket. I juli 1174 drog Henrik frå Normandie til England for å kjempe mot skotske styrkar som herja i Northumbria. Då han var komen til England gjorde han bot for drapet på Thomas, truleg i von om at dette måtte få Gud til å hjelpe han i denne sterkt pressa situasjonen. Nokre få dagar etter, 13. juli, vann engelskmennene mot skottane i slaget ved Alnwick, og Henrik tok dette som eit teikn på at han no hadde fått tilgjeving frå den helgenkåra erkebiskopen. Dette førte i sin tur til at kulten kring Thomas Becket vart omfamna og dyrka av kongefamilien, og det som hadde byrja som ein opposisjonskult vart ein del av kongefamilien si religionsutøving, noko som vedvarte med varierande styrke heilt fram til Edward I si regjeringstid. Med andre ord kom Henrik relativt godt ifrå affæren, for sjølv om han måtte tillate enkelte privilegium overfor den engelske kyrkja, hadde ikkje hans maktposisjon endra seg i nemneverdig grad ved utgangen av problema i 1173-74 (Slocum 2004: 98-100).

Sjølv om Thomas Becket vart på sett og vis overteken av den engelske kongemakta, hadde han framleis stor og langvarig symbolsk verdi for prestar og munkar kringom i Europa som sjølve var i konflikt med sine respektive kongemakter. Delvis skuldast dette at det pavelege nettverket sikra at Becket-kulten vart spreidd omkring i heile den katolske kristenheiten, men det var Thomas-biografen Edward Grim, eitt av augevitna frå 1170, som sette ord på kor universell Thomas var som figur. I følgje Edward var Thomas ein soldat sendt til verda av Gud for å gje menneska eit føredøme, eit exemplum, på heilag framferd og kristent mot (Slocum 2004: 100).

Dette var ord som fall i god jord hjå mange høgståande geistlege, hovudsakleg i dei nordvestlege og austlege delane av Europa, der kongemakta stod sterkt. At kulten ikkje hadde same effekten i Spania kan forklarast delvis med at kulten kom dit gjennom dotter til Henrik II, Eleanor, som vart gift med Alfonso VIII av Castilla, og den spanske Becket-kulten hadde derfor eit sterkt kongeleg preg. I tillegg hadde den spanske kongemakta – anten det var i Castilla eller i Aragon – ei rolle som bolverk mot det muslimske Sør-Spania, og dette var ei rolle som la til rette for samarbeid heller enn konflikt mellom konge- og kyrkjemakt. Men i nord og aust var situasjonen annleis, og vi ser fleire døme på Becket-kulten sin popularitet i det vi kan kalle den katolske periferien (Vauchez 2005: 168). Kulten kom til dømes relativt tidleg til Island, mogelegvis takka vere biskop Thorlak av Skálholt (1178-93) som hadde studert i Paris og som dermed var godt kjend med det reformistiske tankegodset hjå dåtidas geistlege og akademiske elite. Ein av biografiane om Thomas Becket vart omsett til islandsk mot slutten av 1100-talet, og i 1207 var både latinske og islandske versjonar av Thomas-soga tilgjengelege på Island. Biskop Thorlak vart sjølv æra som helgen på Island, men sidan Island ikkje hadde eiga kongemakt – og sidan vi ikkje kjenner til at Thorlak vart nytta som symbol i konflikt med den norske kongen – er det vanskeleg å sjå ein direkte samanheng mellom Thorlak og Thomas Becket som kult-figurar (Slocum 2004: 102-25).

Anglo-normannisk livsskildring til Becket. Frå MS Additional 70513, British Library, som inneheld eit utval av helgenbiografiar, seint 1200- eller tidleg 1300-tal.

Thomas Becket i Noreg

Vi veit ikkje nøyaktig når og korleis Becket-kulten kom til Noreg, men vi veit at han kom hit kort tid etter at kulten vart offisielt godkjent for allereie nokre av dei tidlegaste Thomas-tekstane refererer til mirakel som vart utførte i Noreg. Sjølv om vi ikkje veit dei tidlegaste detaljane for spreiinga av Becket-kulten, er det likevel truleg at ein av dei viktigaste personane i denne spreiinga var erkebiskop Eystein Erlendsson av Nidaros. Eystein vart erkebiskop i 1157 og drog til Roma, der han mottok palliet – erkebiskopen sitt embetsplagg – av pave Alexander III. Han kom attende til Nidaros i 1161 og dette året vigsla han eit alter i Nidaros-kyrkja som vart dedikert til helgenane Johannes, Vincent og Silvester, og dette er den eldste delen av katedralen som framleis står den dag i dag.

Eystein var utdanna ved Sankt Victor-skulen i Paris. Han tilhøyrde intelligentsiaen i samtidas presteskap og var vel kjend med reformrørsla sin ideologi, ein ideologi som sette kyrkjehierarkiet over det verdslege hierarkiet og som derfor argumenterte for ei meir sjølvstyrt kyrkje. Dette var det same tankegodset som både Thomas Becket og pave Alexander III omfamna. Etter at Eystein hadde blitt erkebiskop heldt han mogelegvis ekstra fast på desse idéane, for erkesetet i Nidaros var svært ungt. Fram til 1152/53 hadde dei norske bispedøma vore underlagt erkebiskopen i Lund, og Eystein sitt erkesete hadde derfor ikkje ein lang tradisjon som sjølvstyrt eining å sjå tilbake på – noko som kan vere med på å forklare kvifor Olavskulten vart så viktig for Nidaros-setet i denne tidlege perioden.

Eystein i eksil

I løpet av Eystein si tid som erkebiskop (1161-88) var kongeriket Noreg prega av innbyrdesstrid mellom kong Magnus Erlingsson og kongsemnet Sverre Sigurdsson. Etter slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179 og slaget på Ilevollen i 1180 måtte Magnus flykte, og Eystein som hadde støtta den tapande part måtte dra i eksil til England. Her vart erkebiskopen teken godt imot, og då han losjerte hjå benediktinar-munkane i Bury St Edmunds les vi i krønika til Jocelin av Brakelond at den norske erkebiskopen mottok økonomisk underhald av kong Henrik II. Desse pengane kom frå løna til Bury-abbeden, for på det tidspunktet var klosteret utan abbed. Vi veit dessverre veldig lite om Eystein sitt eksil, og vi kan derfor ikkje seie noko konkret om erkebiskopen vart nemneverdig påverka av engelsk helgenkult. Det vi veit er at Eystein engasjerte seg i Bury-munkane sine ymse problem, og Jocelin snakkar varmt om erkebiskopen sin innsats for å sikre klosteret større fridom frå kongen si makt (Jocelin av Brakelond 2008: 15). Ut frå dette er det rimeleg å tru at Eystein deltok i klosteret sin liturgi, og det er mogeleg at han fekk inntrykk både frå Becket-kulten og kulten til Bury-munkane sin hovudhelgen, Edmund Martyr. Vi kan dessverre ikkje seie noko om Eystein tok med seg liturgisk materiale og inspirasjon då han kom attende til Noreg i 1183. Det hadde allereie lenge vore sterke band mellom den engelske og den norske kyrkja, og det er vel så truleg at engelsk helgenkult kan ha kome inn i norsk praksis før Eystein drog i eksil (for detaljar sjå Salvesen og Norseng 2013.

Kong Henrik II og Becket. Frå MS Royal 20 A II, British Library, Peter Langtofts krønike, ca. 1307-27.

Thomas Becket i den norske liturgien

Dessverre veit vi veldig lite om Nidaros-liturgien frå tida før 1200, men det vi veit er at Sankt Thomas Becket har ein relativt stor plass i liturgien frå Nidaros-provinsen slik vi finn den i Ordo Nidrosiensis Ecclesiae, redigert av Lilli Gjerløw og datert til tidlegast 1205 (Gjerløw 1968: 30). Her finn vi eit officium til Thomas Becket på hans dødsdag 29. desember. Vi finn også fleire referansar til Thomas utover denne dagen. Ein av desse referansane finn vi i feiringa av 5. januar som var dagen før epiphania, dagen som markerte at dei austlandske kongane kom på vitjing til Kristus. Denne dagen, 5. januar, var Thomas sin oktav, som vil seie den åttande dagen etter ein helgen si feiring rekna frå sjølve festdagen. I Nidaros-materialet er feiringa av 5. januar dominert av førebuingane til epiphania, men sidan Thomas var ein viktig helgen vart det likevel opna opp for at dersom 5. januar fall på ein søndag skulle erkebiskopen markerast med ein commemoratio, altså ei kort minnestund. Vi les i Nidaros-kjeldene at han skal feirast med «[a]ntiphona de hystoria propria cum oratione Deus pro cuius», altså med antifonar som tilhøyrer livssoga hans, truleg henta frå officiumsmaterialet, i tillegg til ei bøn frå det liturgiske fellesmaterialet (Gjerløw 1968: 164). Med andre ord var det ikkje kvart år at oktaven til Thomas vart feira, og dette skuldast nok at juletida var stappfull av viktige dagar som kvar hadde sin viktige oktav. Sidan oktaven til Thomas fall på ein såpass viktig dag i feiringa av Kristi livssoge, vart han berre inkludert når denne feiringa var på ein ekstra heilag dag, nemleg søndag, Herrens dag. Men det kan verke for at presteskapet i Nidaros ynskte å kompensere for at dei måtte utelate den heilage erkebiskopen, for vi finn referansar til ei markering for Thomas Becket på andre dagar mellom 29. desember og 5. januar (desse og følgjande detaljar er henta frå Gjerløw 1968: 162-72). Til dømes: Dersom 25. desember – Kristi fødsel – fall på ein laurdag skulle Thomas Becket markerast med antifonen Justus pro iusticia, som er henta frå officiet til translatio-festen, altså festen som markerer flyttinga av lekamen hans (7. juli) (jamfør SLocum 2004: 301). Dersom 25. desember fall på ein søndag, derimot, skulle Thomas markerast med antifonen Hic uir despiciens mundum, henta frå det liturgiske fellesmaterialet for feiringa av ein enkelt martyr (i motsetnad til feiringa av fleire martyrar).

Vidare ser vi også at det er notert ei markering av Thomas under feiringa av Pave Sylvester (31. desember), der antifonen Nisi granum frumentum skulle framførast. Dette er ein antifon frå fellesmaterialet for feiringa av ein enkelt martyr. Markeringar for den heilage erkebiskopen dukkar også opp i oktaven for Sankt Stefanus (2. januar). Her skulle antifonen Justus pro iusticia framførast, akkurat som når 25. desember var ein laurdag. Også på oktaven for Sankt Johannes (3. januar) finn vi ein referanse til ein commemoratio for Thomas, men her er det ikkje spesifisert kva som skal framførast. Vi finn også Thomas Becket i liturgien for oktaven til feiringa av borna i Betlehem som vart drepne av Herodes (4. januar). Her skal erkebiskopen feirast med antifonen Justus pro iustitia [sic]. At Becket er inkludert i alle desse feiringane tyder på at han var sett på som ein veldig viktig helgen i Nidaros-provinsen.

Ut frå materialet eg har nemnt i samband med mindre markeringar er det tydeleg at dei som organiserte Nidaros-liturgien var godt kjende med det engelske materialet, sidan dei til dømes nyttar ein av antifonane frå translatio-officiet (som ikkje vart feira i Nidaros). Når det gjeld officiet for sjølve festdagen er dette basert på det engelske officiet Studens livor komponert på 1170-talet av Benedict av Peterborough, som eg har sitert frå ovanfor. Til liks med det engelske officiet er Nidaros-officiet delt inn i tre nocturner for matutin og har også eit sett med antifonar for laudes, men her er nokre interessante skilnader. Medan det engelske officiet har tolv antifonar og tolv lesingar utover matutin-feiringa, har Nidaros-liturgien berre tre antifonar for kvar nocturn, altså til saman ni. Vidare har Nidaros-materialet berre ei spesifisert lesing frå Thomas si lidingssoge, som er den fyrste lesing for fyrste nocturn. Det norske officiet har berre tre responsorier per nocturn i motsetnad til dei fire per nocturn som vi finn i original-materialet. I dette siste tilfellet ser vi eit teikn til at desse endringane er gjort med overlegg, for det siste responsoriet i tredje nocturn er det tolvte responsoriet i det engelske materialet, altså det siste som vert framført. Desse endringane vart ikkje utførte fordi Thomas var mindre viktig – vi har sett ovanfor at han hadde mange plassar i Nidaros-liturgien – men det kan derimot kanskje forklarast med praktiske omsyn, for matutin-officiet vart feira midt på natta og midt på vinteren, og prestane i Nidaros såg seg truleg nøydde til å korte ned på den elles svært lange feiringa for å ikkje fryse altfor mykje. Det er også interessant å merke at i officiumsteksten frå Nidaros ser vi at det fyrste responsoriet er feilstava: I staden for «studens livor» (ivrande vondskap) finn vi «stridens livor» (skrikande vondskap), og dette er ein feil som vi finn berre i utgåver av det såkalla Hereford-breviariet, som var i bruk i visse engelske kyrkjer (Gjerløw 1979: 100). Kva dette har å seie for spreiinga av Becket-materialet frå England til Noreg er ikkje godt å seie, for vi har for lite materiale å gå på i så måte.

Becket ved pave Alexander IIIs bord. Frå MS Royal 2 B VII, British Library, 1310-20.

Det liturgiske biletet av Thomas Becket som kjem fram i Nidaros-materialet følgjer det biletet vi finn i det engelske materialet. Thomas sin conversio og den nye mannen vert framheva i dei to fyrste antifonane i fyrste nocturn, medan den tredje og siste tek føre seg Thomas si rolle som forpaktar av Herrens vingard. Antifonane presenterer dermed Thomas som eit føredøme for presteskapet og dei utgjer ein slags prolog til fyrste lesing som i sin tur inneheld veldig lite narrativt materiale. Det er derimot i responsoria vi finn ei vidareutvikling av Thomas sitt liturgiske bilete. I løpet av dei tre responsoria i den fyrste nocturn etter Nidaros-liturgien vert det sunge om hans tid i eksil. I andre nocturn går fyrste antifon attende til Thomas som hyrding, medan dei to neste legg vekt på eksilet. Dette skuldast at i det engelske materialet er desse tre antifonane i same nocturn som dei tre fyrste, og narrativet vert dermed annleis. I dei tre responsoria i andre nocturn vert sjølve martyrdomen presentert. Dessverre veit vi ikkje kva lectiones som vart lesne til desse responsoria, for det er ikkje spesifisert. I tredje nocturn finn vi tre antifonar som alle formidlar martyriet, og etter vert det lese frå Johannes-evangeliet, tiande kapittel, der Kristus omtalar seg sjølv som den gode hyrding. Dei to fyrste responsoria som følgjer etterpå hyller den døde og heilage Thomas og talar om hans status i Guds auge, og dette er også kva vi finn i det siste responsoriet som er nummer 12 i den opphavlege ordenen. Dette er også temaet i dei fem antifonane for laudes (Gjerløw 1968: 162-63).

I tilfellet med det siste responsoriet i matutin ser vi korleis eitt responsorium saumlaust kunne bytast ut med eit seinare, og sjølv om den opphavlege sekvensen er endra får ikkje dette konsekvensar for det liturgiske biletet. Alt i alt er det norske liturgiske biletet av Thomas Becket det same som det vi finn i det engelske materialet: Den nye mannen, den gode hyrding, martyren, og ein epilog med referansar til hans mange mirakel. Sidan det norske officiet er kortare enn det engelske vert narrativet endra i noko grad, men ikkje i så stor grad at det endrar framstillinga av Thomas.

Konklusjon

I 1229 vart Eystein Erlendsson helgenkåra ved eit lokalt kyrkjemøte i Nidaros, men sjølv om dei sende ein søknad til paven om å få erkebiskopen offisielt helgenkåra fekk dei avslag og måtte nøye seg med ein lokal kult. Vi har, så vidt eg veit, ikkje noko liturgisk materiale frå denne kulten, og vi kan derfor ikkje samanlikne framstillinga av Eystein med det liturgiske biletet av Thomas Becket. Om det fanst liturgiske likskapar mellom desse helgenane er noko vi berre kan spekulere i, men om så var tilfelle ville det ikkje ha vore merkeleg. Vi har sett at Thomas hadde ein viktig plass i Nidaros-liturgien, og kleresiet ved katedralen må ha vore godt kjende med den engelske erkebiskopen.

Det er lett å skjøne dyrkinga av Becket i Nidaros. I tillegg til nære band til England hadde erkebispesetet sjølv ei historie med eksil-erkebiskopar. Eystein måtte flykte til England i 1180 etter slaget ved Ilevollen, og hans etterfølgjar Eirik Ivarsson vart også tvungen i eksil hjå erkebiskop Absalon i Lund på 1190-talet. Nidaros erkesete hadde rett nok ingen martyrar, men dei var vande med konfliktar med kongen og det er truleg at både Eystein og Eirik Ivarsson kjende seg att i Thomas si lidingssoge, og det ville ikkje ha vore overraskande om dei vende seg til Thomas Becket medan dei sjølve kjempa mot ein verdsleg fyrste.

Vi kan dessverre seie lite om dei norske erkebiskopane sitt forhold til Becket, anna enn at han var ein viktig figur i det liturgiske året slik det vart markert i Nidaros-provinsen, og at denne figuren samsvarer godt med måten Thomas er framstilt i det engelske materialet.

Bibliografi

Barlow, Frank, Thomas Becket, University of California Press, 1986
Farmer, David, Oxford Dictionary of Saints, Oxford University Press, 2004
Gjerløw, Lilli (red.), Antiphonarium Nidrosiensis Ecclesiae, Oslo, 1979
Gjerløw, Lilli (red.), Ordo Nidrosiensis Ecclesiae, Oslo, 1968
Jocelin av Brakelond, Chronicle of the Abbey of Bury St Edmunds, omsett av Diana Greenway og Jane Sayers, Oxford World Classics, 2008
Salvesen, Helge og Norseng, Per G. (2013, 23. mai), «Øystein Erlendsson» trykt i Store norske leksikon. Aksessert 15. oktober 2015 frå https://snl.no/%C3%98ystein_Erlendsson
Slocum, Kay Brainerd, Liturgies in honour of Thomas Becket, University of Toronto Press, 2004
Vauchez, André, Sainthood in the later Middle Ages, omsett til engelsk av Jean Birrell, Cambridge University Press, 2005