Bok: The Symphonic Repertoire, bind I: The Eighteenth-Century Symphony

0

1

Namn: The Symphonic Repertoire, bind I: The Eighteenth-Century Symphony
Forfattarar: Mary Sue Morrow (red.) og Bathia Churgin (red.)
Utgjevingsår: 2012
Forlag: Indiana University Press

Det var ikkje snaue saker A. Peter Brown (1943-2003) byrja på med serien The Symphonic Repertoire: Over seks bind skulle han ta for seg heile symfoniens historie, frå byrjinga på 1700-talet til ut 1900-talet. Då Brown døydde, var fire bind publisert, som tok for seg symfonien frå Haydn til Schönberg, med andre ord heile tradisjonen som ein finn att i standardrepertoaret i dag, samt ei lang rekkje verk som med rette eller urette er gløymt. Frå eit norsk perspektiv kan ein i sær nemna at både symfoniane til Grieg og Halvorsen har fått plass i desse bøkene. No er altså bind I, som omhandlar det breie 1700-talet på plass. Kva inneber det at det er laga eit bind etter serieforfattarens død, og korleis er resultatet?

Trass i all ros for ambisjon og relevans, er det unekteleg noko quixiottisk over prosjektet: Å yta rettferd over ein så stor tradisjon i bokform er uråd, med mindre ein er klar for å gjera nokre svært vanskelege val. Brown greidde på sett og vis å unngå dette ved å utsetja dei to vanskelegaste binda til slutt. Det hadde han sjølvsagt gode grunnar til å gjere, for det tidlegaste og seinaste repertoaret er sjølvsagt det vanskelegaste å omtala: 1900-talet er uoversiktleg, med ei enorm mengd komponistar, og dei akademiske tradisjonane for inndeling og omtale av ulike repertoar er ikkje så sterke; 1700-talet har òg ei stor mengd komponistar, men desse skreiv òg enorme mengder musikk kvar. Bind II, som omhandlar Haydn, Mozart, Beethoven og Schubert, ber tidvis preg av plassmangelen.

Det ser ikkje ut som at Brown nokon gong kom i gang med bind I, for stoffet i denne boka er ei samling av artiklar frå spesialistar på ulike komponistar, samt oppsummeringskapittel som tek for seg geografiske område. I tillegg har Mary Sue Morrow (som saman med Bathia Churgin er redaktør for boka) skrive eit oversyn over symfonien i eit 1700-talsperspektiv, der ho går inn på sentrale tema i arbeidet for å forstå 1700-talssymfonien på sine eigne premissar, heller enn som ein føregjengar som ikkje når opp til eksempelet Beethoven sette; det er det post-beethovenske premisset som har sett stordelen av dette repertoaret i skuggen. Denne bolken omtalar mellom anna korleis synetpå symfonien som genre har endra seg gjennom tidene, og dei ulike modusane ein hadde for å forstå symfonien på 1700-talet. Etter mitt syn ville denne bolken vere verdt prisen av boka åleine.

Men dette er berre den siste av ni delar (sjølv om del ni kanskje passar logisk ihop med del ein). Dei øvrige delane tek for seg symfonien og symfonikarar i ulike regionar: Italia, Nord-Tyskland, Sør-Tyskland, Austerrike (eller dei sentrale Habsburg-landa), Frankrike, Stor-Britannia og «periferien». I kvar del får ein fyrst eit samlekapittel om dei symfoniske tradisjonane i kvart land, før spesialistar får presentere verka til enkeltkomponistar. Kvart kapittel inneheld til slutt ei liste med fordjupingskjelder, slik at ein til slutt ender opp med ein bibliografi som ingen interessert bør vere forutan.

Det enorme talet på symfoniar gjer at ein berre kan omtala eit lite utval frå kvar komponist. Carl Ditters von Dittersdorf skreiv til dømes over 100 symfoniar, men dei som blir omtala spesifikt i boka kan ein rekna på fingrane. Det er naudsynt, men gjer at bindet er meir problematisk enn dei andre, sidan tendensen til å trekkja fram det spesielle då blir enno sterkare enn i ei framstilling som tek for seg heile katalogen til ein komponist. Enno vanskelegare blir det av at dei fleste bidragsytarane berre har skrive om «deira» komponist. Dei har heilt sikkert rett i at deira felt er fascinerande i seg sjølv, men ein får tidvis inntrykk av at kvar bidragsytar prøver å syna kvifor nett deira komponist er så interessant, og det gjer at samanhengen stundom kan bli borte. Det krev difor ein god del mot når Allan Badley skriv at Ignaz Pleyel er relevant «more in the phenomenal popularity of his works than in any striking originality.» (s. 542)

Dei ulike forfattarane brukar ulike analytiske metodar for å snakka om materialet sitt, og standardane for terminologi varierar noko frå tekst til tekst. Dette er ikkje ei triviell sak om nomenklatur, då terminologien òg seier noko om kva for analytiske system dei ulike tekstene er basert på. Dei fleste nyttar seg anten av forkortingane frå Jan LaRues klassiske Guidelines for Style Analysis, medan andre støttar seg på James Hepokoski og Warren Darcys Sonata Theory; ikkje overraskande er dette langt på veg (men ikkje utelukkande) eit generasjonsspørsmål. (Det overraskar meg eigentleg litt at William Caplins Classical Form ikkje ser ut til å ha hatt nokon påverknad på analysane i boka.) Desse teoriane har heilt ulike krav for korleis ein skal forstå ulike tematiske bolkar, og medan fyrstetemaet gjerne kjem på same plassen uansett, kan dei andre tematiske regionane i mange andre høve hamna på ulike plassar. Den viktigaste skilnaden er Hepokoski & Darcys konsept «the medial caesura»: For dei er skiljet mellom overgang og andretema alltid understreka med eit brot i teksturen; vantar ein eksposisjon dette, høyrer det til ein anna type eksposisjon, «the continual exposition». (s. 11-15)

I denne samanhengen tykkjer eg kapitla til Robert Gjerdingen, som tek for seg den franske symfonien, er spesielt interessante. Gjerdingen presenterte i boka Music in the Galant Style ein eigen teori om musikalsk form i 1700-talsmusikk. I denne teorien er det ikkje storforma, men koplingane mellom ulike musikalske figurar som er det viktige: 1700-talsmusikk var skriven ved å kopla saman ulike standardfigurar på ulikt vis, som ein kunne dekorera med ekstratonar og ulike krumsprang. Når Gjerdingen seg på korleis franske komponistar dekorerte slike figurar, tykkjer eg han kjem mykje nærare å kunne forklara nett kva som skil musikken han skriv om frå resten enn det dei andre gjer. Prisen er at det filologiske arbeidet kjem i skuggen, og mindre namn må vika plass. Det er nok rett at andre symfonikarar i Paris måtte vika plass for Haydn, som fekk ei enno høgare stjerne der enn annanstads. Men tak tilfellet Simon LeDuc: Vi får eitt døme frå musikken hans, som er teke med for å underbyggja argumentet til Gjerdingen. Det er greitt nok, men vi lærer aldri noko om LeDuc sjølv, eller kva for musikk han har skrive. Dette er ekstra synd av di ein i bindet om 1800-talsmusikk byrjar diskusjonen om Frankrike fyrst med Berlioz. Det gjer at heile den revolusjonære symfonitradisjonen, forutan Gossec, fell utanfor prosjektet, inkludert ein så stor komponist som Méhul, noko som er vanskeleg å svelgja. Rett skal vere rett: Sjølv om Gossec lende ti år lengre enn Méhul, skreiv han berre ein symfoni etter 1800, medan Méhul berre skreiv to før. Holet er likevel vanskeleg å forklara, og neppe noko Brown tenkte seg. Når det gjeld kapitla om Gossec og Guillemain, er desse framifrå gjort av Judith L. Schwarz, som held fram med analysemetoden til Gjerdingen, men får med den essensielle filologiske informasjonen. Om folk greier å lese desse analysane, er dei svært gjevande.

Sjølv om ein generelt kunne trekkje fram mykje positivt om kapitla om enkeltkomponistar, tykkjer eg generelt at kapitla som tek for seg eit større repertoar er meir vellukka, nett fordi dei er nøydde til å setja repertoara i perspektiv. Vanlegvis er eg svært glad i å lesa detaljerte verkanalyser, men i denne samanhengen gjer plassmangel at kapitla om enkeltkomponistar ikkje rekk å bli stort djupare enn dei gjennomgangane av geografiske område, og eg er ikkje sikker på om dei alltid lukkast med å få fram kvifor ein komponist er viktigare enn andre, langt mindre kva som er karakteristisk for den enkelte komponisten.

Ein av dei mest interessante bolkane for underteikna var diskusjonen om musikk i periferien. Dette kapittelet omfattar nesten heile den vestlege verda utanfor dei tyske, franske og italienske områda (minus Stor-Britannia), og Bertil van Boer gjer ein prestasjon av dei store når han greier å knyta dette kapittelet i saman. Personleg stiller eg meg litt tvilande til at to svenske komponistar (den store Joseph Martin Kraus, og den noko mindre Johan Helmich Roman) var dei einaste komponistane i desse områda verdige å få omtale her. I det heile kunne eg ha tenkt meg meir spansk stoff: Spania var ei stormakt, som òg hadde mykje musikk, men denne har vi generelt fått lite innblikk i. Grunnane til dette er ikkje berre musikalske, det har ikkje å gjera med at spansk i liten grad har vore eitt av dei klassiske danningsspråka, at språkkunnskapane i Spania ikkje har vore av dei beste, og at Franco-regimet gjorde det vanskeleg å få tilgang på spansk materiale for utlendingar. Sjølv om mykje av dette no er historie, tek det lang tid å kompensera for at landet berre i liten grad var med i historieskrivinga i etterkrigstida.

At van Boer tek oppgåva om å skriva omfattande på alvor, kan ein derimot sjå ved å observera at han skjeker Noreg, på den tida absolutt ein del av den europeiske periferien, eit par sider, og diskuterer musikken til Johan Daniel og Johan Henrich Berlin. JDBs symfoni nr. 2 har jamvel fått ein kort analyse, noko som er gledeleg, men eg mistenkjer at han er for kategorisk når han seier at dette er Berlins fyrste symfoni. Det er mykje som tydar på det – ensemblet med ein zinke som einaste blåseinstrument, at midtsatsen er i same tonearten som dei ytre satsane, og at han med god margin er den kortaste – men dette er ikkje det same som endeleg prov. Diskusjonane kring symfonien i Russland og i dei spanske koloniane er fascinerande, og syner ei verd som dei færraste kjenner til, og enno færre faktisk har høyrt noko av.

Av kapitla om spesifikke komponistar kunne ein trekt fram mangt og mykje, men eg vil nøya meg med å prisa Mary Sue Morrows karakterisering av C.P.E. Bach. Alt for ofte kan ein komponist som Bach bli drege inn i eit teleologisk spel der ein ser utvikling ved at dei siste verka kan bli tvinga inn i eit sonatesatsskjema, medan dei fyrste absolutt ikkje kan det, men «berre» er basert på ritornell-prinsippet. Morrow motstår denne freistinga, og presenterer stoffet på premissar som ligg det nærare. Det syner skriving på høgt nivå, men òg problemet med ei slik bok.

Til slutt må ein nemna at boka inneheld ein cd med stikkprøver av musikken som er diskutert. Det var ei svært fin overrasking, for framleis er mykje av den omtala musikken aldri vore spela inn. Utvalet av komponistar er godt – sjølv om eg kanskje ville ha tenkt meg enkeltsatsar frå fleire namn heller enn heile symfoniar frå nokre – og innspelingane likeså. Dette er definitivt eit pluss.

Alt i alt skulle det vere noko for ein kvar som er interessert i symfonien på 1700-talet: Ein får ei mengd med framifrå komponistar presentert, og informasjon nok til å kunne finna dei ein ynskjer å sjå nærare på. På same tid er kontekstualiseringa, og presentasjonen av symfonien som genre i si eiga tid, kanskje den beste delen av boka, saman med den uvurderlege kjeldelista. Om boka kanskje har teke ein viss skade av å vere skrive av mange forfattarar, er ho likevel på alle vis eit imponerande storverk.

[Omtalaren vil for ordens skuld nemna at Allan Badley, som skreiv kapitla om Wagenseil og Playel, er doktorrettleiaren hans. Om det siste planlagte bindet nokon gong kjem ut er uvisst.]