Bokslepp: Johann Sebastian Bach: Hans liv – hans verk – hans verden

0

Tysdag 2. desember var det lagt opp til feiring på Nasjonalbiblioteket. Ein av Noregs mest namngjetne musikkprofessorar og ein entusiastisk formidlar av Johann Sebastian Bachs musikk og liv, Ove Kristian Sundberg, skulle få lansere si siste bok på temaet: Johan Sebastian Bach: Hans liv – hans verk – hans verden.

Ein ringrev i norsk musikkforsking og Bach-entusiast nummer ein, Ove Kristian Sundberg, har gitt ut sitt livs verk om Johann Sebastian Bach. Boka tek føre seg Bachs liv, delt inn i fasar etter kvar han var busett til ulike tid. For kvart kapittel går også Sundberg gjennom eitt eller fleire verk Bach skreiv i den aktuelle epoken. Eit verk som Sundberg, og mange andre, held særskild høgt, nemleg messa i h-moll, har fått eit eige kapittel, og mot slutten reiser Sundberg spørsmålet «Hvordan var Bach mulig?», før han går vidare inn i aktuelle tankeretningar i tida Bach kan ha blitt påverka av.

Hyllest til Sundberg

Boklanseringa ved Nasjonalbiblioteket blei leia av professor Erling Gulbrandsen, som hadde med seg eit panel med redaktør og forfattar Alf van der Hagen (mellom anna tidlegare redaktør og administrerande direktør i Morgenbladet), komponist og pianist Wolfgang Plagge og professor Ståle Wikshåland.

Undervegs var det like mykje, eller rettare sagt mykje meir, fokus på Sundbergs lange og rike liv, som på den nye boka til professoren. Sundberg har lang fartstid i musikkvitskapen, med bakgrunn frå universiteta i både Trondheim, Bergen og Oslo.

Gulbrandsen byrja mellom anna med å skildre Sundberg som eit formidlingsfenomen og fortalte entusiastisk om dei tider Gulbrandsen føreleste om musikkfilosofien i antikken for «stinn brakke» ved Institutt for musikkvitskap i Oslo. Vidare la Gulbrandsen vekt på Sundbergs fokus på musikkens effekt horisontalt – altså mellom menneske – og vertikalt – mot ei djupare røynd.

«Sundberg er ein som ikkje først og fremst serverer utropsteikn, men som opnar opp med spørjeteikn», sa Gulbrandsen. «Og så er det eit teikn til han får fram, nemleg tankestreken, haldt han fram.»

Personleg bok

Av mange årsaker er dette ei bok som har vore viktig for Ove Kristian Sundberg, som no er 82 år. Då han sjølv kom til ordet la han fram grundig korleis delar av livet hans har bygd opp til nettopp denne utgjevinga. Sundberg fortalte om oppveksten i Øksnes (som heitte Langenes den gongen), der ein fiolin var ei trøyst i eit tungt år som sengeliggande tuberkulosepasient.

Han skildra korleis han kvar søndag i tida han studerte ved Fredtun tok turen innom statskyrkja i Stavern for å oppleve orgelet, før han gjekk vidare til frikyrkja, der han eigentleg høyrde heime, ein halvtime etter.

Men den viktigaste episoden var det sterke møtet med musikken til Johann Sebastian Bach gjennom hans orgel-lærar i Tromsø, Helmer Telnes. Då Telnes introduserte han for Bachs musikk fekk han sitt «Bach-kall». «Denne arven må eg formidle», tenkte han den gongen, og kallet har vore med han resten av livet. Kombinert med eit kall nummer to knytta til tenkinga i antikken er det først og fremst gjennom sitt virke som akademikar, og ikkje som organist, han no får fullendt det livslange kallet.

Sundberg er no langt inn i pensjonistlivet, og sa sjølv under boklanseringa at det har vore litt spenning knytta til kor vidt boka ville bli fullført. Det har han heldigvis lukkast med, og det var openbart at det var ein stor dag både for forfattaren og dei andre som hadde møtt opp.

Bachs gudstru og det transcendentale

Eit entusiastisk panel fekk etter tur fremje sine lovord om Sundberg og den nye boka. Eit av aspekta som tydeleg hadde fascinert samtlege, var Sundbergs evne til å fremje Bachs transcendentale eigenskapar, og då særleg med tanke på H-moll messa.

Alf van der Hagen la vekt på at Sundberg fremja Bachs musikk som ein inngangsport til det guddommelege, anten du delar hans tru eller ikkje.

Wolfgang Plagge understrekka på fleire måtar Bachs ukrenkelege status. «Gjennom si gudstru, sin estetikk og samspel med si eiga tid er Bach tidlaus», sa pianisten.

Professor Ståle Wikshåland var kortfatta, men klår i sin dom over boka. «I all si formidlingsevne setter boka ein standard for korleis ein skal forstå, og ikkje minst ikkje forstå Bach», sa han.

Wikshåland hadde heller ingen problem med at bokas største spørsmål, nemleg «Hvordan var Bach mulig?», står utan svar. «Nokre spørsmål må forbli utan svar», slo professoren fast.

Ikkje ei tung bok

Soleis blei det lite diskusjon rundt dei meir søkande spørsmåla i Sundbergs bok, og i det heile tatt lite fagleg stoff på lanseringa. Heldigvis har vi fått tilgang til Sundbergs bok og kan hente noko meir der.

Ein kan kanskje spørje seg kvifor «Hvordan var Bach mulig?» har fått eit eige kapittel, når forfattaren strengt tatt ikkje går noko nærare inn på spørsmålet, men glir meir over i ein kort diskusjon rundt Bachs musikk som opning mot det guddommelege, eller ei djupare sanning.

Dei avsluttande kapitla om Bachs samtid er sterkare, med interessante peikingar mot sentrale filosofar og lengre linjer mot antikken, samt konkluderande ord om Bachs horisontale perspektiv, nemleg musikkens rolle i å «tjene zu Gottes Ehre und Recreation des Gemüths [til Guds ære og sinnets rekreasjon]».

Likevel må det seiast at dei meir utfordrande spørsmåla i boka har blitt behandla såpass overfladisk at ein kunne løyst det betre.

Ei kjærleikserklering

For det er jo ikkje desse sidene som er hovudvekta i Sundbergs bok. Hovuddelen er ei lettlest og underhaldande innføring i Bachs liv, med god formidling av dei sentrale verka knytt til dei ulike epokane.

Som forfatteren skriv sjølv i føreordet, er dette ei bok som siktar mot ein relativt brei lesarkrins. Det er ei bok som fortel om mykje – eit langt liv, og kanskje musikkhistorias rikaste karriere – over ganske få (litt over 200) sider. Både fagpersonar og andre, mindre utdanna interesserte kan likevel finne mykje å glede seg over. Sundberg er ein enormt sterk formidlar, med lett og overtydande språk, og ein svært tydeleg entusiasme og kjærleik til stoffet som vert formidla. Kapitlet om H-moll-messa mot slutten er ein særskild kjærkomen bonus mange Bach-elskarar kan ta med seg.

Sundbergs bok er ei kjærleikserklering til ein av dei absolutt største komponistane i verdshistoria. Horisontalt er det lett å kjenne Sundbergs sterke forhold til musikken og Bach. Når det kjem til det horisontale er han heller ikkje redd for å ta føre seg det guddommelege. Dette er feelgood-populærvitskap og sterk musikkformidling, levert med store mengder fagleg tyngde; ein sjeldan kombinasjon!

9788230012215_product_full[1]

Boka Johan Sebastian Bach: Hans liv – hans verk – hans verden er no tilgjengeleg i bokhandelen.