Bok: Historical Dictionary of the Classical Period

0

1

Namn: Historical Dictionary of the Classical Period
Forfattar: Bertil van Boer
Utgjevingsår: 2012
Forlag: The Scarecrow Press, Inc.

Alle som er interessert i musikk frå den klassiske perioden vil setja pris på at denne boka eksisterer, men kven har eigentleg nytte av ho, og kva kan ho brukast til? Dette er spørsmål det er overraskande vanskeleg å svara på.

[Merk: Forfattaren har endra noko meining om boka etter at omtala blei skriven, noko som er gjort greie for i det påskøytte avsnittet på slutten.]

Bertil van Boer har i mange år vore ein av dei fremste spesialistane i verda på musikk i periferien på 1700-talet. Han er ein spesialist på Joseph Martin Kraus, den fremste komponisten i Gustav Adolfs Sverige, og han skreiv t.d. to artiklar i bindet om 1700-talsmusikk i The Symphonic Repertoire-serien. På mange måtar er det difor vanskeleg å tenkja seg nokon som ville vera betre skikka til eit slik prosjekt enn nett van Boer, for han meir enn nokon annan burde vera vant med å jobba med namn der ein veit lite, og det er få kjelder å arbeida med. For ordens skuld må eg leggja til at det er uråd å kjenna og døma alt innhaldet i ei slik bok jambyrdig, og eg vil difor fokusera på nokre få tema og komponistar, der mange burde vera kjende for folk allereie.

Omfang i tid og rom og tematikk

Leksikonet er i eitt bind (i hardperm), og sidene er store som i ei vanleg pocket-bok. Eg er svært glad i slike spesialleksika, då dei gjev ein høve til å lesa seg opp på kjende tema frå ei spesiell vinkling, noko som både er nyttig i seg sjølv, og gjer det råd å finna att essensiell informasjon om ein har hastverk. Difor må eg innrømma at eg kunne ha tenkt meg at boka hadde vore enno større, slik at ein t.d. kunne ha hatt ein liten bibliografi for kvart oppslagsord. Oppslagsorda er i all hovudsak minibiografiar. Ein god del fagartiklar er òg tekne med, men langt i frå so mange som temaet fortener. Det er til dømes slåande at symfonien og sinfonia concertante har fått kvar sitt oppslagsord, medan konserten og concerto grosso ikkje er nemnd ein stad. Det er artig at det er med ein artikkel om glassharmonion, men når det verkar til å vera det einaste instrumentet som er nemnd, blir det malplassert. (Eg skal, for ordens skuld, ikkje seia definitivt at det ikkje er fleire, men eg fann korkje informasjon om vanlegare instrument eller om nokre av dei meir eksotiske innslaga frå 1700-talet.)

Å avgrensa den klassiske perioden kronologisk er kanskje eit enno større problem, og eit problem der det er lett å ha sympati med forfattaren, for uansett korleis ein gjer det, vil resultatet bli gale for nokon, då dei klare skilja mellom musikalske tidsperioder er ein pedagogisk konstruksjon. Boer ser ut til å ha vald å setja det øvre skiljet ved år 1800, med mindre komponisten hadde stordelen av verksemda si tidlegare. At Beethoven er med er difor eigentleg litt på kanten, men innanfor plassavgrensingane formatet gjev, er han eit framifrå døme på kva eg ynskjer ut av eit spesialleksikon: Han omhandlar berre verka fram til 1800, og tillet difor å gå meir i detalj om denne perioden enn han hadde gjort elles.

Det klare skiljet mellom barokk og klassisisme kjem nemleg av at ein i alt for stor grad har oversett stilane mellom Händel og Haydn. Boer gjer mykje for å retta opp denne skeivskapen, og resultatet av slik ei utakksam oppgåve kan nok alltid diskuterast. Når van Boer skriv at han ser på musikken i perioden 1728-1800 er det klart at ein merkar at Bach og Händel ikkje teke med; trass i at dei båe hadde ein fot i barokken har ein nemleg progressive trekk sjå dei båe. Desse har gjerne ikkje vore framheva nok, og eit fokus på «galant stil»-element hjå dei båe kunne ha vore ein kjærkommen korreks mot storkna framstillingar, i sær av Bach. Den sjansen misbrukar diverre van Boer.

Fakta og namn

Nokre faktafeil kan eg påpeika. Ein kan kanskje tilgje amerikanaren van Boer for at han skriv at Johann Daniel Berlin si bok Musikaliske Elementer (1744) er den fyrste musikkteksta på norsk, trass i at ho var skriven 100 år før reisene til Aasen. (Litt demoraliserande er det likevel, sidan van Boer er rekna som ein spesialist på skandinavisk musikk på 1700-talet). Det er kanskje meir problematisk at han skriv at verka til «Vanhal/Wanhal» (meir om namneproblematikken under) er organisert etter «Bryan-nummer». Dette stemmer berre for symfoniane: Alle andre genrar har Weinmann-nummer, etter Alexander Weinmann, som laga katalogen over alle dei ikkje-symfoniske verka til Wanhal. Slike småfeil vil ein finne i alle bøker, og sjølv om det er plikta til omtalaren å nemna feil, skal ein ikkje gjera eit stort nummer av det med mindre ein finn svært mange av dei, noko eg neppe trur er tilfellet her.

Eit uheldig element i boka, som ein derimot lett kunne ha unngått, er bruken av forelda namneformer. Mest sannsynleg har van Boer teke utgangspunkt i New Grove, òg i høve der han kanskje eigentleg burde ha vurdert om dei nytta formene er dei mest korrekte. Eg vil avgrensa meg til eitt døme, nemleg dei bøhmiske komponistane «Kuchař, Jan Křtitel» «Neruda, Jan Křtitel Jíří» og «Vanhal, Jan Křtitel». «Jan Křtitel» er ei moderne, tsjekkisk form av namnet «Johannes Døypar», som det ikkje er sikkert at komponistane sjølve ville ha drege kjensel på. Mest sannsynleg var dei alle døypte «Jan Ignatius», og dei nytta nok den tyske forma «Johann Baptist» til dagleg. Namnet «Křtitel» ser ut som det har opphav i nasjonalistiske straumar innanfor nasjonalistisk musikkvitskap i Tsjekkoslovakia etter den andre verdskrigen. I det siste høvet veit eg at forfattaren av New Grove-artikkelen blei tvungen til å bruka den tsjekkiske forma (og å skriva etternamnet «Vanhal» i staden for «Wanhal»), og det burde vera lov å forventa at ein publikasjon av denne sorten skal overprøva tidlegare leksika der har trødd gale. Alt i alt er forma «Křtitel» er eit anakronistisk relikvie han godt kunne ha slått eit slag for at vi skulle bli kvitt; for kven kan gjera dette, om ikkje van Boer?

Bruksområde: ?

Sjølv om det ikkje er slikt ein kjøper leksikon for, fortener van Boer absolutt ros for dei korte essaya før og etter leksikonsbolken, for dei er av høgste kvalitet. Sjølv om eg kunne ha tenkt meg ei litt større bok, der kvar artikkel hadde si eiga litteraturliste, er den avsluttande litteraturlista i seg sjølv verd halve prisen av boka; alle som er interessert i perioden bør ta ein titt gjennom henne, og sjå om dei finn noko som kunne vera av interesse.

Likevel kan eg ikkje anna enn å merka meg at det ikkje er berre enkelt å finna ein konkret bruk for oppslagsdelen av boka, og å seia kven som bør få tak i ho er vanskelegare enn eg skulle tru. Eg storkosar meg når eg blar opp ei vilkårleg side og les ein komponist eg aldri har høyrt om før, men eg veit at det same informasjonen og meire til sannsynlegvis kan bli funne i New Grove. Kjeldelista er som nemnd svært verdfull, men eg kunne gjerne ha tenkt meg litt meir frå dei 620 sidene føreåt. Den beste domen eg kan gje er at det er ei bok ein absolutt burde få offentlege bibliotek med større musikksamlingar til å ta inn; å kjøpa heile boka er nok berre verdt det for svært spesielt interesserte som ikkje har tilgang til New Grove.

Til slutt vil eg nemna at leksikonet minner oss på kor mykje det er vi ikkje veit om 1700-talet. Gong etter gong går det att standardfraser om at ein nesten ikkje veit noko om livsløpet til ein person, og i sær om barndomane til folk. Mange av hola er nok uråd å bøta på i dag, men det syner at det er eit tema som treng meir forsking; paradoksalt nok er «den klassiske perioden» ein av dei minst utforska i musikkhistoria. Eg vonar difor, i det minste, at van Boer si bok kan inspirera folk til å grava djupare ned i materialet som er att etter dei mange andletslause namna som er ramsa opp her, slik at vi kan læra meir om tida og den musikalske rikdomen hennar. Hender det, er alle protestane mine for verdlause å rekna.

[Oppdatering oktober 2015: Etter å ha brukt ein del tid på studier av kjelder frå 1700-talet vil eg moderera ein del av kritikken over. Til slik bruk er boka eit framifrå verkty, der det er lett å finna fram til det ein treng, og ein får informasjonen ein må ha der og då. Ho er, med andre ord, svært fin å ha som oppslagsverk på arbeidsbordet, for dei som treng slikt.]