Føreord

0

Kjære lesar!

Hjarteleg velkomen til det fyrste temanummeret vårt! Temanummera kjem til å vera eit fast tilskot til artikkelfloraen vår, der vi kjem til å ha fleire, og gjerne litt lengre artiklar, om eitt avgrensa tema. Temaet denne gongen er Jean-Philippe Rameau, som i dag døydde for 250 år sidan.

Eg hugsar godt mitt fyrste møte med Jean-Philippe Rameau. Det var sumaren før eg skulle byrja som student på musikkvitskap ved NTNU. Eg hadde kome inn, men var usikker på om utgangspunktet mitt for å byrja der var godt nok: Eg gjekk ikkje musikklinja på vidaregåande, og var autodidakt innanfor dei meir systematiske delane av musikkstudiet. For å bøta på veikskapane i eiga opplæring kjøpte eg meg ei rekkje bøker eg håpa kunne gjera bot for misbrukte ungdomsår. Kjeldene som gav meg råd var heller skrøpelege: Kjenningar på gitarforum på nettet, samt det eg kunne lesa meg fram til av omtalene på Amazon.com. Somme av bøkene eg til slutt fekk tak i var genuint gode kjøp, som eg snart fekk glede av, so som The Classical Style og Sonata Forms av Charles Rosen, og Structural Hearing av Felix Salzer. (Eit digregerande hjartesukk: Hadde berre den moderne mjukpermutgåva kome i to bind!) Bøkene eg kjøpte for å læra handverket, harmoni, kontrapunkt og orkestrering, verkar derimot i ettertid latterleg naive: Eg mottok ein boks som inneheldt namn som Fux, Zarlino, Rimskij-Korsakoff, Cecil Forsyth… og Rameau. Høgvyrdelege, for all del, men med svært lite relevans for moderne nybyrjarar. Det avgjerande momentet i arbeidet fram mot nemnde innkjøp var mest sannsynleg pris. Fux arbeidde eg meg gjennom på eiga hand den sumaren, men eg er glad for at oppgåvene eg gjorde har forsvunne, for der var sikkert mykje av tvilsam kvalitet. Dei andre har eg til dagen i dag knapt nok røyvd. (PS: Eg fekk seinare tak i harmoni- og kontrapunktbøkene til Walter Piston, i tidlege utgåver, og lærte meg difor korleis ein skulle gjera slikt ordentleg. Eg har òg hatt mykje glede av Fux – og Knud Jeppesen, som var den neste boka eg fekk tak i – i det vitskaplege arbeidet mitt, men då på eit heilt anna vis enn eg hadde førestilt meg.)

I 2008 var altså Rameaus «Treatise on Harmony» (Traité de l’harmonie) den billigaste boka på amazon.com som både hadde «Harmony» i tittelen og eit omslag som hinta om at det var prat om klassisk musikk. Eg treng vel knapt seia at eg ikkje kom meg særleg langt den gongen. Det tok nokre år før eg kunne koma attende til boka med friske auge, og sjå kva for kvalitetar ho eigentleg hadde. Takka vera Rameau kunne ein, for fyrste gong, forklara alle tonekonstellasjonane ein finn i tonal musikk som variantar av ein grunnleggjande treklang, som på ny hadde røter i musikkens matematiske opphav, og i naturtonerekkja. Sjølv om han kanskje ikkje var fyrst ut med alle oppdagingane ettertida har gjeve honom æra for, kan ein berre tenkja seg krafta oppdaginga må ha hatt for litterære musikkinteresserte: Om systemet med hypotetiske none- og desimklangar verkar søkt for oss, var det t.d. ein måte å skapa eit system av den kaotiske generalbassnotasjonen. At systemet ikkje berre var interessant for intellektuelle, men òg var nytta i praksis, kan ein sjå av at Mozart gjerne skreiv inn fundamentalbassen Rameau snakka om inn i øvingane han gav elevane sine.

Men Rameau er på ingen måte ikkje berre teoretikar. Han er ein av dei sjeldnaste fuglane innanfor musikkhistoria: Ein som både er teoretikar og ein fyrsterangs komponist. Det er noko ingen annan komponist på 1700-talet kan leggja krav på. (C.P.E. Bach kjem nærast, men han publiserte ikkje på langt nær like mykje kring teoretiske problemstillingar som Schönberg og Rameau.) Dei einaste jambyrdige med Rameau eg kjem på i farten, både som komponistar og teoretikarar, er Arnold Schönberg og Paul Hindemith.

Av musikk er det utan tvil operaene Rameau er best hugsa for. Han er bindeleddet mellom Lully-tradisjonen og dei nye trendane etter 1750: Fyrst buffoniststrida, og seinare operareformane til Gluck. I alle desse tilfella var Rameau ein kontroversiell figur; det kan verka som om ikkje berre teoriane, men òg musikken til Rameau, var del av ei strid kring musikkens natur.

Kva for stoff stiller vi so med i denne omgang? Eg bidreg sjølv med ein artikkel der eg går «På gjengrodde stier», og ser på harmonilæra til Rameau, som eg ikkje fekk so mykje ut av fyrste gongen eg såg ho. Eg håpar eg har lært litt om ho sidan, og kanskje kan læra bort ein ting eller to til lesarane mine. Martin Wåhlberg har skrive ei glimrande tekst om Diderots roman Le Neveu de Rameau (Rameaus nevø), som var basert på faktiske personar, om kanskje med ei litt urettferdig vinkling av Rameau sjølv. Hans Erik Aarset har på ny vore so venleg å supplera oss med stoff. Denne gongen er det ikkje berre ei, men to tekster frå honom, om to av dei tidlegaste sceneverka til Rameau: Hippolyte et Aricie (1733), som tek opp arven etter Jean-Baptiste Lully og librettisten Philippe Quinault, og Les Indes galantes (1735), den fyrste opera-balletten, og eit glimrande døme på framstillinga av eksotiske kulturar i 1700-talsmusikk. Desse skal etter kvart bli del av eit større prosjekt kring scenedramaa til Rameau. Nett kva det munnar ut i har forfattaren enno ikkje vilja forplikta seg til å seia; eg gler meg i det minste til fortsetjinga!

Til slutt har vi vore so heldige å få eit bidrag frå Graham Sadler. Sadler har vore ein av nestorane innanfor Rameau-forsking i ein mannsalder. Han er for tida aktuell med boka «The Rameau Compendium», og har forfatta ei biografisk skisse over livet til Rameau. Dette er meir spanande når det gjeld Rameau enn for dei fleste andre. Rameau var nemleg ein mann som heldt privatlivet sitt tett til brystet, og dette gjer at det er svært mykje ein berre har funne ut dei siste åra. Ein ny Rameau-biografi vil difor sjå svært annleis ut enn ein eldre variant, og ingen er meir skikka til å gje ein gjennomgang av nyare forsking enn Sadler!

Dette temanummeret har vore ei svært lærerik erfaring for redaksjonen, og vi vonar at de, lesarane våre, kjem til å setta pris på stoffet. Utan å røpa for mykje enno, kan eg seia so mykje som at vi har tre temanummer på planen for 2015. Det fyrste av desse kjem i fyrste kvartal. Vi driv for tida med ei gradvis oppjustering av aktiviteten på sidene våre, og de kan på det jamne venta at kvart av nummera i det komande året kjem til å bli større enn det førre, og at det etter kvart kjem til å koma på plass meir ambisiøse, interaktive løysingar for grensesnitt og innhald. Måtte det berre bli mykje godt lesestoff av det òg!

 

Med hausthelsingar frå dykkar audmjuke tenar og redaktør

Halvor K. Hosar